Han ville ha godkjenning for religiøse hovudplagg i politiet, men regjeringa var ikkje med på det.

_Les også:

Giske refser egen regjering _

Regjeringa opna for å endre uniformsreglementet for å ta «religiøse hensyn», men sa nei til framlegget frå Storberget om å tillate religiøse hovudplagg.

Realitetane

Denne realiteten tok korkje Storberget eller Justisdepartementet inn over seg etter at saka var oppe i regjeringa 29. januar.

Storberget hadde før regjeringskonferansen 29. januar utarbeidd eit såkalla regjeringsnotat som gjekk inn for å endre uniformsreglementet. Det ville opne for bruk av hijab saman med politiuniformen. Dette hadde Politidirektoratet gått inn for etter ein førespurnad frå ei muslimsk kvinne frå Sandnes. Det hadde også tilslutnad frå embetsverket i Justisdepartementet.

_Les og diskuter dagens BT-leder:

Stoltenbergs hijab-ansvar_

Trass i dette offentleggjorde Justisdepartementet 4. februar ei melding om at det er «besluttet å endre Politiets uniformsreglement slik at det gis anledning til bruk av religiøst hodeplagg sammen med politiuniformen».

VG kunne i går fortelje at denne meldinga nær sagt ord for ord er identisk med det hemmelege regjeringsnotatet.

Heldt fram

I staden for å ta konsekvensen av den endringa regjeringa gjorde, heldt Storberget fram med å argumentere for å tillate hijab i politiet.

Så seint som 10. februar gav han i intervju med VG uttrykk for følgjande:

«Jeg er glad for at det ser ut som det er tverrpolitisk flertall for dette (bruk av hijab i politiet. Red merknad), med unntak fra Frp og deler av Høyre.»

Same dagen som dette intervjuet sto på trykk, gav Justisdepartementet eit utgreiingsoppdrag til Politidirektoratet for utforming av uniformsreglementet.

_Stoltenberg i går:

— Feil i VG_

Sentrale kjelder i Arbeidarpartiet har tidlegare fortalt til Bergens Tidende at Storberget alt frå han kom på Stortinget i førre stortingspreiode, hadde stor gjennomslagskraft i stortingsgruppa.

Fleire kjelder peikar no på at han er van med å vinne fram og få medhald. Han er ikkje van med å li nederlag.

Sant eller usant?

Storberget har eit ekstra problem: På pressekonferansen 20. februar, der han trekte heile hijab-saka tilbake, fekk han følgjande spørsmål frå Bergens Tidende:

«Hadde du for din del konkludert i spørsmålet om hijab i politiet, då meldinga vart lagt ut på Justisdepartementet sine heimesider 4. februar?»

Til dette svarte Storberget: «Nei. Vi var i ein prosess.»

Ein statsråd som fremjar eit konkret framlegg for regjeringa, gjer ikkje det utan å ha konkludert.

Skyt mot Stoltenberg

Fleire opposisjonspolitikarar rettar likevel skytset først og fremst mot statsminister Jens Stoltenberg og skuldar han for å ha dolka sin eigen justisminister.

Ein av desse er visepresidenten på Stortinget, Carl I. Hagen, (Frp). I ein samtale med Bergens Tidende seier Hagen:

– Eg les pressemeldinga frå Statsministerens kontor slik at regjeringa i realiteten har sagt ja til hijab. Det er bruk av hijab som er bakgrunn og tema i denne saka. Det var Jens Stoltenberg som burde ha hatt pressekonferanse 20. februar – ikkje justisminister Storberget.

Erlend Aas / Scanpix