• Eg vart spurd om eg ville prøve meg som bokmeldar i Dagbladet, men då eg spurde om eg kunne skriva nynorsk fekk eg nei, fortel forfattar Olaug Nilssen.

— Det ville kjennast som eit knefall å skrive på bokmål, det er på nynorsk eg uttrykkjer meg, seier Nilssen.

Dermed vart det ikkje noko av jobben som bokmeldar for Nilssen. Og som forfattar har ho fleire gonger fått kommentarar på at ho skriv nynorsk.

Forbod mot nynorsk

— Eg får alltid spørsmål ved bokutgjevingar om kvifor eg skriv nynorsk. Skjøner eg ikkje at eg får færre lesarar då? Men det får berre vere som det er. Eg vil gjerne nå mange, men ikkje for einkvar pris.

— Kvifor vil du ikkje skrive på bokmål?

— Det er så enkelt som at nynorsk er mitt språk, og mitt personlege uttrykk er nynorsken min, seier ho.

Nilssen har gjeve ut tre romanar og ei essaysamling. Neste år skal ho vere festspeldiktar på dei nynorske festspela.

— Kva tykkjer du om forslaget frå språkrådet?

— Eg tykkjer ikkje at forslaget er oppsiktsvekkjande, det er jo ikkje avisene som blir tvinga til å bruke nynorsk, det er nynorske journalistar som blir tvinga til å bruke bokmål. Heller enn ein nynorskkvote vil eg likevel ha oppheving av forbodet mot nynorsk.

- Avisene tek feil

— Eg meiner avisene tek feil når dei ikkje tillet bruk av nynorsk, og eg tykkjer det er nedverdigande. Det vert skapt eit inntrykk av at nynorsk er eit tullespråk som ikkje duger til noko.

— Men kva med alle dei som ikkje les det som står på nynorsk?

— Eg trur at med meir nynorsk i avisene, så ville lesarane venje seg til det, og ikkje legge merke til at noko vart skrive på ei anna målform, seier Nilssen.

BORT MED FORBODET: ¿ Det er ikkjesnakk om å tvinge nynorsk inn iavisene, men å få vekk forbodet motnynorsk. Både bokmålsbrukarar ognynorskbrukarar skulle få skrive påden målforma som passar best fordei, seier forfattar Olaug Nilssen.