TERJE ULVEDAL

Eg har aldri høyrt om at nokon har fått slike store dyr på line. Det er jo ikkje nett daglegdags å få kval, og i alle høve ikkje på brosmeline, ler hobbyfiskaren. Lambrechts meiner fisken må ha gått etter ei brosme som stod på lina, og så sjølv vikla seg inn. Hobbyfiskaren frå kommunesenteret Hardbakke hadde med seg ein nevø, då dei før helga skulle dra brosmelina som var sett på 180-200 famnar nord-vest av øya Ospa i Solund. Dei fekk godt med fisk, men oppdaga snart at det måtte vere noko svært nede i djupet.

Flotna opp Og då brosemlina flotna opp, slik ho brukar å gjere når det er godt med fisk på, fekk dei syn for segn. Vi såg jo straks kva det var. Eg har vore mykje på sjøen fram gjennom åra, så grindkval har eg sett mange gonger. Men eg har aldri fiska eit slikt dyr før. Den fire meter lange kvalen vart fortøydd til båten medan resten av lina vart trekt. Deretter slepte dei dyret i sakte fart heim til Hardbakke, der dei brukte kran for å få kvalen på tørt land. Der vart kvalen flensa og teken hand om på beste vis. Og responsen frå skodelystne sulingar let ikkje vente på seg. Avisa Ytre Sogn fortel om reine folkevandringa til Arne Lambrechts si sjøbu.

Rift om kjøtet Heller ikkje kvalkjøtlystne sulingar let vente på seg. Det kjøtet Lambrechts ikkje ville ha sjølv, vart selt. Vi kunne omsett mykje meir. Etterspurnaden var langt større enn tilbodet. Og tilbakemeldingane har vore svært gode. Dei let vel over kjøtet, dei som har smakt det, fortel kona Astrid. I helga laga ho middag av innmaten, hjarte og lever.

Smaka som sau Hjartet minna meg i grunnen om smaken på hjarte av sau. Før i tida var vi vane med å lage sosekjøt av hjarte og lever på sauen. Og kvalen var faktisk ganske lik i smaken, fortel Astrid Lambrechts. Grindkvalen kan verte opptil ni meter lang, men den vanlege storleiken er rundt seks meter. Kvaltypen er eit flokkdyr, og held seg gjerne på djupt vatn. Om hausten kan flokkar av grindkval komme inn i fjordane. Og i går ettermiddag var kvalfiskar Arne Lambrechts på sjøen igjen. Vi får sjå om vi ikkje kan få ein til, var kommentaren.