Det kunngjorde LO-leiaren då ho talte til representantskapsmøtet i LO i går. På møtet vart mellomoppgjeret i år godkjend mot ei røyst. Oppgjeret kom i hamn gjennom forhandlingar, utan mekling, for første gong på 15 år.

— Uhaldbare sjefstillegg

— Leiarlønsutviklinga, som vi fekk på bordet midt oppe i forhandlingane våre i mellomoppgjeret i mars, har vist eit resultat som er heilt uhaldbart. Det er mange døme på lønsauker, bonus og opsjonar som er heilt uakseptable. Leiarane var meir edruelege når det gjeld eigne vilkår i 2003 enn i 2004. Denne utviklinga vil vanskeleggjere det hovudoppgjeret vi skal ha til neste år, seier Valla.

I fjor fekk lønstakarane lønstillegg som utgjorde vel 3,5 prosent, medan leiarlønene auka med 12 prosent i snitt.

Valla minner samstundes om kva som skjedde i 2000 då eit fleirtal av LO-medlemene forkasta det framforhandla resultatet, ikkje minst som fylgje av at sjefane hadde vore for grådige på eigne vegner.

«Sutrekoppar»

— Ein kan ikkje krevje at vi skal vise ansvar og vere tilbakehaldne når leirane demonstrerer heilt andre haldningar for eigen del, seier Valla.

Eit av representantskapsmedlemene hevda at det ikkje finst større sutrekoppar i landet, enn norske direktørar.

— Dei krev høge løner for eigen del og går i spinn for å skjere ned pensjonane.

Fleire talarar kritiserte sentralbanksjef Svein Gjedrem av di løna hans har auka sterkt dei siste åra samstundes som han har mana til behov for moderasjon.