Trudde du dårlegare økonomi førte til at vi må stramme inn livreima? Slik er det ikkje, ifølgje amerikanske forskarar.

Dei økonomiske nedgangstidene vil redusere kvaliteten på kosthaldet vårt, samt føre til mindre fysisk kvalitet. Dermed blir fleire overvektige, ifølgje professorar i medisin, David S. Ludwig og Darold A. Pollack.

Artikkelen er nyleg publisert i «Journal of American Medical Association».

Økonomisk motgang freistar oss til å erstatte næringsrik, men dyr mat med rimelegare og kaloririke produkt. I krisetider har vi også lettare for å ty til billegg gatekjøkkenmat, i staden for å lage maten heime, ifølgje forfattarane.

Samtidig peiker dei på at mange ikkje lenger ser seg råd til å betale for medlemskap på det lokale treningsstudioet.

– Ikkje råd til frukt

Søndag kveld er det kø i kassa på McDonalds på Torgallmenningen. Jan Kåre Gabrielsen (21) og Vegard Kvammen (22) har slått seg ned ved eit bord i andre etasje. Her nyt dei søndagsmiddagen, som består av pommes frites, mcnuggets, cola og ketchup.

– Dette er faktisk første gongen eg er på McDonalds på lang, lang tid, seier Kvammen.

Han er student, medan Gabrielsen er i militæret. Dermed har dei ikkje merka særleg til finanskrisa.

– Men eg tar meg ikkje råd til frukt og grønsaker. Det er for dyrt, meiner Kvammen.

McDonalds tener feitt

Bakgrunnen for fedmeepidemien vi ser i dag, er ifølgje forfattarane at myndigheitene har subsidiert kaloririke produkt på kostnad av helsemessig meir gunstig mat. Resultatet er at energirik hurtigmat med mykje feitt og karbohydrat er svært billeg.

Det er dermed ikkje tilfeldig at hurtigmatkjedane er blant bedriftene som har klart seg best under finanskrisa. McDonalds si globale inntening auka med 11 prosent i tredje kvartal i fjor.

– McDonalds er immun mot resesjon, sa toppsjefen Jim Skinner då han la fram dei gode tala før jul.

Fastfoodkjedens kommunikasjonsdirektør Margareth Brusletto stadfestar ovanfor bt.no at Norge ikkje er noko unntak.

– 2008 var eit bra år, og vi har også levert gode tal dei siste månadene, seier ho.

— Dropp brus og snop

Ernæringsfysiolog Mette Morken, forskar ved Universitetet i Bergen og tilsett ved Haukeland Universitetssykehus, er usikker på om den amerikanske studien kan overførast til norske forhold. Men ho kjenner til ei fersk undersøking som viser at kvar tiende nordmann kjøper billegare mat enn før.

– Kosthaldet blir fort meir usunt viss ein må spare på matbudsjettet. Faren er at ein går vekk frå reine kjøtt- og fiskeprodukt, og over på pølser, kjøttdeig og spaghetti. Det igjen fører til dårleg helse, seier Morken.

For dei som er nødt til å spare, er rådet:

— Dropp brus og snop, men sats på middagen.

Ho åtvarar mot å falle for McDonals og andre hurtigmatkjedar.

– Skal du på McDonalds, så kjøp hamburger og dropp pommes frites, som er den verste syndaren. Ta juice i staden for brus. Men husk at slike besøk er dyrt i forhold til maten du lager heime.

Ikkje tilfeldig val av restaurant

I første etasje på hamburgerrestauranten sit Trond Harald Eide saman med døtrene Trine Sofie (4) og Frida Marie (2). Familien nappar til kvar sin porsjon med pommes frites, men kjenner seg ikkje igjen i at dette har blitt ein vane.

– Vi har nettopp vore på Akvariet, og skulle kose oss litt på restaurant i staden for å lage kveldsmat heime, seier Eide.

Han fortel at familien, som snart skal bli fem, vanlegvis et veldig sunt.

– Vi har alltid grønsaker til middag, og har heller ikkje kutta ned på trening. Kanskje blir det annleis viss krisa blir langvarig, seier Eide.

Val av restaurant er likevel ikkje tilfeldig i desse tider.

– Vi går ikkje akkurat på Bølgen og Moi. For utolmodige ungar passar dessutan McDonalds fint, seier han.

Har du lagt om kosthaldet etter at finanskrisa slo inn? Skriv gjerne ein kommentar.

Paul S. Amundsen
Paul S. Amundsen