På ein pressekonferanse om bord i fartøyet i går ettermiddag opplyste kaptein Arild Hårvik at det var overføringssystemet frå motorane til propellane som svikta.

«Midnatsol» har eit svært spesielt maskineri. Frå motorane blir det overført kraft til propellar som kan svinge 360 grader, omtrent på same måte som ein påhengsmotor. Motorane var i gang heile tida, men kjølinga på framdriftsmaskineriet svikta slik at det blei varmgang. Dermed kunne det ikkje overførast kraft frå motorane til propellane. Eit anna av dei nye hurtigruteskipa, «Trollfjord» har same systemet.

— Vi har aldri vore borti noko liknande tidlegare, sa kapteinen då han møtte pressa. Hårvik gjorde det klart at skipet ikkje vil forlate Florø før dei er 100 prosent sikre på årsaka til svikten. Ein teori går ut på at det kan ha kome luft inn i overføringssystemet.

Mannskapet var i går i full gang med å leite etter årsaka. Også ein representant frå Veritas gjekk om bord i går, og seinare kan det bli aktuelt å kalle inn ekspertar.

— Vi har funne ein del ting, men ikkje noko som så langt kan forklare årsaka til kvifor dette skjedde, opplyste Hårvik.

«Midnatsol» er eigd av Troms Fylkes Dampskipsselskap, og er det nyaste av hurtigruteskipa. Det blei levert frå Fosen mekaniske verkstad så seint som i mars i år, og godkjent av Veritas litt seinare.