Tal for første halvår 2009 viser ein auke i talet på ulykker for norskregistrerte skip. Det er særleg kollisjon med kai som aukar.

– Årsakene er mange, men det handlar ikkje berre om tekniske problem. Reiarane må skjerpe rutinane og betre tryggleiken, seier avdelingsdirektør i Bjørn Pedersen i Sjøfartsdirektoratet til bt.no.

På sjukehus

Både mannskap, passasjerar og bilar har fått skadar i kollisjonsulykker dei siste månadene. Fleire av dei skadde hamna på sjukehus.

– Talet på kollisjonar med kai er særskilt urovekkjande, spesielt innan fartøygruppa passasjerskip, seier Pedersen.

Første halvår i 2007 og 2008 vart det rapportert 9 og 12 tilfelle av såkalla kontaktskade med kaier, bruer, o.l. I år har 22 fartøy kollidert.

Les statistikk 1. halvår 2009

Totalt vart det i løpet av første halvår i 2009 registrert 98 ulykker med norske skip, noko som er ein auke samanlikna med same periode i fjor. Ulykker med utanlandske skip i norsk farvatn viser ein svak nedgang.

For stor fart

Ifølgje Sjøfartsdirektoratet er det for stor fart som er skuld i svært mange av kaikollisjonane.

– Det kan verke banalt. Men slik er det. Dette handlar også litt om tradisjonar. Tilpassing av fart er gjerne basert på skjønn og overlate til den som står på brua. Men det er ei rad ytre omstende og stressfaktorar som kan påverke dette skjønnet og føre til feil, seier Pedersen.

Han meiner derfor detaljerte rutinar er nødvendig også når det gjeld bruk av fart når ferjer og andre passasjerskip skal leggje til.

Les også:

M/F «Fanafjord» ute av drift

Få meter fra kollisjon

Fosen ASA, som driv fleire av dei største ferje— og passasjerbåtsambanda i Noreg, gjorde nettopp dette. Selskapet innførte utførlege rutinar for når og kor mykje skip skal redusere fart når dei legg til kai. Resultat: sterkt redusert ulykkesfrekvens.

– Tøyer regelverket

Når det gjeld grunnstøytingar er talet stabilt i første halvdel av 2009. Men Sjøfartsdirektoratet gler seg ikkje.

– Vi hadde forventa ein reduksjon, seier avdelingsdirektøren.

Når det ikkje skjer, er det fordi reiarlaga ikkje gjer jobben sin godt nok.

– Vi ser at nokre reiarlag tøyer regelverket når det gjeld bemanning. Og vi ser ofte at det blir gjort for dårleg arbeid på brua, seier Andersen.

Ifølgje regelverket skal det vere to mann på bru både natt og dag, men under visse føresetnader er det lov med berre ein på vakt – i dagslys og etter risikovurdering.

Sjøfartsdirektoratet fryktar det blir slurva på dette punktet og at reiarlaga ikkje gir mannskap gode nok vaktordningar og rammevilkår for å utføre forsvarleg arbeid.

- Har prosedyrer

Tide Sjø, som har rundt 80 fartøy i trafikk på Vestlandet og i Trøndelag, meiner tryggleiken er god nok. Sikkerhetsdirektør i Tide Sjø, Arvid Økland, ser ikkje behovet for betre rutiner i sitt selskap.

— Vi har hatt mindre samanstøt med kai i år enn tidlegare år, seier Økland. Han vil ikkje seie noko om talet på ulykker.

Han viser til at Tide alt har rutiner for fartsreduksjon.

— For nokre fartøy er prosedyrene svært detaljerte, seier han.

Viseadministrerande direktør i Fjord1 Fylkesbåtane, Svein Solheim, stadfestar at kaikollisjonar har vore ei utfordring for selskapet som dagleg har 700 ferjeanløp.

— Men vi har jobba bevisst i fleire år, saman med navigatørane, og sett fokus på prosdeyrar. Vi jobbar mykje med kulturen ombord og særleg har vi tatt fatt i manøvreringsrutiner når ein skal leggje til kai. Dette gjeld også fartsreduksjon, seier han.

Solheim seier dette har gitt resultat. Fjord1 Fylkesbåtane har ein nedgang i talet på uhell (støt mot kai), utan at han vil gå nærare inn på tal.

— Men det er klart, vi må halde fokus på tryggleik til ei kvar tid, og tenkje kontinuerleg forbetring, seier Solheim.