Ein kvinneleg lege kravde 488.000 kroner for pasientlista si, då ho slutta som fastlege i Tromsø. Men legen som overtok nekta å betale, og fekk medhald i Trondenes tingrett i november i fjor.

Ankesaka skulle opp i retten neste månad, men i går vart det klart at partane truleg kjem til å inngå rettsforlik.

Advokat Stian Ørbeck Sørheim, som representerer legen som overtok praksisen, vil ikkje kommentere innhaldet i forliket.

— Vi må dessutan ta atterhald om at sentralstyret i Legeforeningen godkjenner forliket, seier Ørbeck Sørheim til BT.

Den omstridde fastlegeheimelen var lokalisert til Tromsdalen legesenter, der den kvinnelege legen leigde lokale, utstyr og tenester. Då ho sa opp avtalen frå 1. januar, 2001, hadde legen som overtok vikariert for henne i eit år.

Både heimel og pasientliste gjekk tilbake til kommunen. Vikaren fekk overta fastlegeheimelen, og betalte eit vederlag på 700.000 kroner til dei andre legane på senteret. Men då den kvinnelege legen kravde betaling for goodwill på 488.000 kroner i samband med overtakinga, nekta den nye legen å betale.

Striden enda i retten, der kravet vart blankt avslått. I tillegg måtte saksøkjar betale sakskostnader på nær 100.00 kroner.

— Dette er den første dommen som fastslår at pasientlister i fastlegeordninga ikkje er ei salsvare. Det er ein viktig prinsippdom, sa advokat Ørbeck Sørheim til Aftenposten den gongen.