— Me trur det har samanheng med dei nye opptakskrava til allmennlærarutdanninga, seier Wenche Fjørtoft, personal- og økonomisjef ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF).

I fjor fekk 74 søkjarar tilbod om plass ved allmennlærarutdanninga i Sogndal. I år var det berre 40 kvalifiserte søkjarar som ville studera i fruktbygda.

— Betyr dette at det vert mindre pengar til HiSF?

— Andre studium kompenserer for færre produserte studiepoeng på allmennlærarutdanninga, så samla sett reknar me med at det vert produsert like mange studiepoeng som i fjor. Det er heller ingen automatikk i at lærarutdanninga får færre ressursar etter dette, seier Fjørtoft.

Ho fortel at både sjukepleiarutdanninga, idrettslinja, sosialarbeidarlinjene og turisme er populære fag med venteliste. Ingeniørstudiet i Førde hadde berre to kvalifiserte søkjarar, men eit sommarkurs med 15 deltakarar som er i gong no, gjer at Fjørtoft håpar på ein klasse med om lag 10 studentar. Akvakulturstudiet vert derimot ikkje starta opp i år.