Kor sannsynleg er det at eit barn blir fødd med keisarsnitt? Det kjem i stor grad an på kva sjukehus mor er innlagt på, viser tal frå Medisinsk fødselsregister (MFR) i Bergen.

Statistikken omfattar nær 3000 keisarsnitt ved norske fødeavdelingar, og viser at nær seksten prosent av alle barn kjem til verda ved hjelp av keisarsnitt — eller nær kvart sjuande barn.

Men føder du på Vestlandet, er det mindre sannsynleg at du blir forløyst på denne måten. I 2003 kom nær elleve prosent av alle nyfødde på Sentralsjukehuset i Rogaland med keisarsnitt, og 12,5 prosent på Haukeland Universitetssjukehus.

— Stavanger og Bergen er i særklasse, seier klinikkoverlege Per E. Børdahl ved Kvinneklinikken i Bergen.

Får komplikasjonar

Grovt sett blir det utført nærare 9000 keisarsnitt kvart år i Norge. Dei siste åra har det vore ein auke i talet på inngrep, både internasjonalt og her heime.

Særleg i 2001 gjorde statistikken eit hopp, fordi ei kanadisk studie konkluderte med at barn i seteleie bør takast med keisarsnitt ved termin.

Andre årsaker er høg alder hos mor og fleire tvillingfødslar som følge av assistert befruktning.

Foreløpige tal frå fødselsregisteret viser at talet på keisarsnitt er i ferd med å flate ut i Norge. Like fullt er inngrepet omstridd, og det skuldast ikkje minst at mange kvinner ber om å få sleppe naturleg fødsel. Nokre grunngjev ønsket med fødselsangst og negative fødeerfaringar.

— Ei tidlegare studie viser at 8 prosent av keisarsnitta blir utførde på bakgrunn av at mor ber om det, seier førsteamanuensis ved MFR, Anne Kjersti Daltveit.

- Målet naturleg fødsel

Men keisarsnitt skapar ofte nye bekymringar. Ei ny studie om keisarsnitt og komplikasjonar viser at ei av fem kvinner som tar keisarsnitt, får ein eller fleire komplikasjonar i samband med det operative inngrepet. Mest vanleg er blodtap og/eller blodoverføring, og komplikasjonar under operasjonen.

Faren for komplikasjonar minkar ved planlagde keisarsnitt - altså, når inngrepet blir gjennomført minst åtte timer etter at vedtaket om keisarsnitt er gjort.

— Dei som ber om keisarsnitt skal vite at alt har sin pris, også i forhold til seinare svangerskap. Risikoen for at livmora kan revne er liten, men alvorleg for mor og barn, seier Daltveit til BT.

— Målet er naturleg fødsel, der dette er medisinsk forsvarleg. Men er angsten hos mor så stor at fleire samtalar ikkje kan få henne til å skifte meining, er haldninga i det norske fagmiljøet langt på veg å innfri kvinna sitt ønske om keisarsnitt.

- Ingen rett å få keisarsnitt

Også på KK i Bergen ber mange kvinner om å få keisarsnitt.

— Det er ei betydeleg gruppe. Men verken vår praksis eller norsk lovgjeving er basert på at kvinner har rett til å velje keisarsnitt. Det må ligge medisinske vurderingar til grunn, seier Børdahl.

— Men desse kvinnene har rett til å bli høyrde. Vi tar dei på alvor, og snakkar ofte med dei fleire gonger før fødselen. Då går mange inn i naturleg fødsel etterpå, og det går som regel heilt utmerkt. Vi er veldig fornøgde med at kvinnene i Bergen føder barna sine naturleg.

I andre land, mellom anna USA og Brasil, er terskelen for keisarsnitt svært låg, iallfall på private klinikkar. Ifølgje Børdahl treng vi ikkje dra lenger enn til Danmark, for å finne ein praksis heilt ulik den norske.

— Danske legar diskuterer ikkje med kvinnene. Dei som ber om keisarsnitt, får det. Fødeavdelingar blir omgjort til postoperative avdelingar, seier Børdahl.