• Turnuslegar får ikkje god nok opplæring.
  • Pasientar blir liggande for lenge på akuttmottaket.
  • Det blir ikkje meldt frå om feil. Feil blir dermed ikkje brukt til forbetring.
  • Prosedyrar blir ikkje følgde.
  • Marginal bemanning på natt og helg.Dette er noko av det som kjem fram etter at Helsetilsynet har vore på besøk på 21 sjukehus sine akuttmottak frå sør til nord.

Av dei 21 som har fått besøk, må 15 betre rutinane sine. Det gjeld både dei store sjukehusa i Trondheim, Stavanger, Kristiansand og Drammen, i tillegg til mindre sjukehus som Førde, Haugesund, og Volda.

Haukeland plettfritt

I Helseregion Vest har fylkeslege i Hordaland, Helga Arianson, leidd tilsynet ved sjukehusa i Stavanger, Haugesund, Førde og Haukeland sitt medisinske og psykiatriske akuttmottak. Berre Haukeland sine to akuttmottak har plettfritt system.

— Det me har avdekka er svikt i styringssystema. Det gjer at pasienttryggleiken er noko redusert, seier Arianson.

Sjukehusa som no har fått påpakk har no to-tre månader på å melde tilbake om korleis dei vil betre situasjonen.

Lovar betring

I Haugesund peiker Helsetilsynet på prosedyrar som ikkje vert følgde, ulik praksis mellom sjukepleiarane, legar som ikkje vert varsla om at pasientar har kome inn. Nokre gonger går det fleire timar før pasienten blir undersøkt av lege. Det er stor pasienttilstrøyming og vanskeleg å halde oversikt over pasientane.

— Det kom ikkje som ei overrasking at me fekk avvik på dette. Me har i løpet av dei siste åra hatt ei dobling av pasientantalet, og hadde før tilsynet definert eit prosjekt der me jobbar med utbetring av i forhold til dette, seier Kari Ugland, klinikksjef i Helse Fonna.

Sjukehuset skal no bygge om i akuttmottaket, kjøpe inn nye datasystem for vurdering og gradering av pasientane i akutten.

— I prosjektet ligg også at me skal oppdatere rutinane våre. Eg er nok samd med tilsynet i at me kan bli betre på ein del ting. Eg held faktisk akkurat no på med svarbrev til fylkeslegen. Innan året er omme skal me ha lukka vekk avvika, seier Kari Ugland.

Vil ha rådgjeving

Ved akuttmottaket i Førde blir det peika på at turnuslegane tidleg får stort ansvar. Dei må lære opp kvarandre og ikkje alle får utdelt den skriftlege informasjonen som sjukehuset har teikna ut.

— Me har alt lagt eit opplegg for korleis vi skal rette opp i dette. Men me er nok ikkje heilt samd i det med at turnuslegane er uforberedte. At turnuslegane har lært opp kvarandre er noko som er gjort i all tid, seier Hans-Johan Breidablik, fagdirektør i Helse Førde.

Sjølv meiner han avvika i tilsyn kan vere nyttige.

— Dei tvinger oss til å tenke gjennom ting og får oss til å stå att med ein betre organisasjon. Men personleg kunne eg tenkt meg meir rådgjeving i høve til korleis ein skal gjere ting betre enn at ein deler ut avvik og merknader.

Les meir i papirutgåva laurdag 7. juli: - Haukeland skal bli endå betre