Postpakken med 34 ulovlege Viagra-tablettar var undervegs til Laksevåg i Bergen. Men Tollvesenet kontrollerte pakken, og beslagla innhaldet.

I fjor omsette norske apotek potenspiller for 150 millionar kroner. I tillegg fløymer falske og farlege kopipreparat inn over norskegrensa. Viagra-produsenten Pfizer reknar med at ein av to potenspiller som blir konsumert på Vestlandet er falsk.

Sidan 2008 har Tollvesenet tatt beslag i 1903 falske Viagra-tablettar som er sendt til nordmenn gjennom posten, i tillegg til andre falske potenspiller. Men dette er truleg berre toppen av isfjellet.

— Menn gamblar med helsa, når dei kjøper illegale Viagra-piller på nett eller via postordre, seier salssjef Øyvind Lohmann i Pfizer Norge.

- Flaut å gå til lege

I beste fall er falske tablettar utan effekt, i verste fall er dei helsefarlege. Analyser har vist at slike piller kan innehalde alt frå blyhaldig lim til vegmåling og amfetamin.

— Bestiller du potenspiller gjennom andre enn legen din, er dei nesten garantert falske, seier Lohmann.

I tillegg til potensmiddel handlar nordmenn særleg slankemiddel og kosttilskot på nett.

— Det er ein skog av produkt der ute, seier direktør i Legemiddelverket, Gro Ramsten Wesenberg.

— Kvifor tek norske menn sjansen på å bestille potenspiller på nett?

— Fordi mange synest det er flaut å gå til lege, og fordi dei trur det er billegare. Men dette er medisin som skal brukast i samråd med lege, understrekar ho.

- Meir lønsamt enn heroin

Legemiddelverket åtvarar generelt mot å kjøpe reseptmedisin på nett, fordi biverknadene kan vere alvorlege. Også influensamiddel som Tamiflu og Relenza florerer i falske variantar på internett.

— Du kan aldri kan vere sikker på kva du får. Eit legemiddel kan vere høgteknologisk framstilt, men det kan også vere laga i ein garasje. Produsentar kjøper verkestoff der dei er billege og lette å få tak i, seier Wesenberg, som er overbevist om at organisert kriminalitet står bak ein del av produksjonen.

— Mykje av medisinen er framstilt veldig profesjonelt.

Ifølgje utrekningar er det å omsetje falske legemiddel meir lønsamt enn heroinhandel, ifølgje Pfizer. Dei kriminelle miljøa bak produksjonen er ofte godt organiserte, og mange har så autentiske og «høgteknologiske» produksjonslokale at sjølv dei som jobbar der trur at dei lagar ekte vare. Dei økonomiske marginane er astronomiske, og risikoen for å bli tatt svært liten.

Det største enkeltbeslaget som er gjort i Norge var av ein postpakke med over 500 tablettar i Brumunddal.