Saman med stress og frykt for alle farane utgjorde dette ein farleg «coctail» som har gjort ein stor del av veteranane frå Golfkrigen i 1991 varig sjuke. Det går fram av rapporten frå arbeidsgruppa som har vurdert helsesituasjonen for dei norske veteranane.

Alt i september i fjor fortalte BT at den norske arbeidsgruppa konstaterte eit eige sjukdomsbilete for Golfkrig-veteranane. Samtidig skreiv BT at dei ville kartleggje nærare 500 norske Golfkrig-veteranar. Svarprosenten er på 60 prosent. Arbeidsgruppa vil sjekke svara opp mot Nav-register og helseregister. Då vil dei og finne ut korleis det står til med dei som ikkje har svart.

— Eg trur ikkje verken rapporten eller undersøkinga får noko å seie for oss veteranar. Det blir berre fagre ord. Eg svarte ikkje på spørreundersøkinga. Eg stoler ikkje lenger på Forsvaret, seier Tom Steinsgard, som var både i Saudi-Arabia og Irak. I dag er han sjuk. Han fortel at han har prøvd å ta sitt eige liv. Han slit og fysisk.

— Kroppen min er ikkje med i det heile tatt, seier Steinsgard.

Samanheng - Vi meiner nå å kunne slå fast at det er ein samanheng mellom den eksponeringa golfkrigveteranar har vore utsett for og dei seinare lidingane, seier overlege og major Bjørn Angell Knudtzen. Det er han som har leia arbeidsgruppa, som har jobba på oppdrag frå Forsvaret og Forsvars-departementet.

Studiar av amerikanske soldatar som deltok i Golfkrigen konkluderer med at mellom 25 og 32 prosent av soldatane har fått GWI. Så høge tal forventar ein ikkje å finne mellom norske soldatar, etter det BT forstår.

-Det vi kan fastslå er at mange har fått store helseplager etter å ha vore på oppdrag i området. Det er vanskeleg, for ikkje å seie uråd, å seie kor stor vekt kvar av faktorane spelar. Ulike faggrupper held mest på «sine» forklaringar. Men summen gjev eit resultat, legg Angell Knudtzen til. Arbeidsgruppa seier dette om faggruppene sin kamp om makta: «Hva man enn måtte mene om dette, krever det ikke stor psykologisk innsikt for å forstå at en slik uenighet over tid vil virke frustrerende og ydmykende for de mange som opplever helsesvikt etter deltakelse i og rett etter Golfkrigen».

Lenge i giftområde Ei norsk sanitetseining på 232 mann oppheldt seg i Al-Jubail i Saudi-Arabia under og etter krigen. Ei gruppe av desse drog rett frå Saudi-Arabia til sanitetseininga NorMedUnit/UNIKOM i Irak rett etter krigen. Fleire av soldatane oppheldt seg i det forgifta krigsområdet i eitt år, som Trond Blankvandsbråten. Han og fleire har tidlegare stått fram i BT og varsla om alvorlege seinskader og helseplager etter tjenesten.

— Alt på 90-talet sto det om Golfkrig-syndromet i helsepapir Forsvaret hadde om meg. Vi burde fått hjelp for lenge sidan. Forsvaret kunne ha støtta seg på amerikansk forskning, meiner Blankvandsbråten.