Avtalar om aksjeopsjonar står klart i strid med utsegner frå dagens regjering om haldninga til slike gullkanta vilkår.

Grete Faremo var også med i det offentlege utvalet som utgreidde statleg eigarskapspolitikk. Utvalet avgav innstilling i mars 2004. Trugar med å sparke styre

I innstillinga refererer utvalet haldningane frå Nærings— og handelsdepartementet til oppgåver og val av styre.

Her heiter det mellom anna: «Det er av stor betydning at det er et tillitsforhold mellom statsråden/departementet og styret. Valg av styre ses således som det kanskje viktigste styringsredskapet for departementet. Ved misnøye med selskapenes resultater eller andre uheldige omstendigheter er også utskiftinger i styret departementets mest aktuelle virkemiddel for å sikre endringer. Ansvaret for styresammensetningen ses ikke som begrenset til de periodiske styrevalgene, men som løpende tilsynsansvar med plikt til å gripe inn dersom styret ikke løser sine oppgaver på en tilfredsstillende måte. Der hvor departementet ikke er eneeier og utnevner hele styret, legges det derfor stor vekt på å være representert i selskapenes valgkomiteer som foreslår sammensetning av bedriftsforsamling/representantskap og styre.»

Kan skje når som helst

Dette inneber ei klar åtvaring om at departementet vil kunne gripe inn og kaste styremedlemer eller heile styret, om departementet er misnøgd med styret. Det kan skje når som helst, ikkje berre i tilknyting til årsmøtet/generalforsamling.

Denne innstillinga ligg til grunn for arbeidet med eigarskapsmeldinga som nå pågår i Næringsdepartementet. Meldinga skal leggast fram til hausten.

Grete Faremo avslår overfor Bergens Tidende å kommentere korleis ho meiner voteringa i Hydro-styret i opsjonssaka samsvarar med signala frå regjeringa. Ho viser til styreleiaren, Jan Reinås. Ho vil heller ikkje seie noko om korleis standpunktet i opsjonssaka står i forhold til den klare meldinga frå Næringsdepartementet i eigarskapsutgreiinga.

Helse Sør

Vinteren 2004 vart det mykje politisk oppstyr etter at det vart offentleg kjent kva slags tilsetjingsvilkår den administrerande direktøren i Helse Sør, Steinar Stokke, hadde fått i avtalen som var inngått i 2001. Bråket om løns- og pensjonsvilkåra vart så kraftig at det enda med at direktøren trekte seg frå jobben etter å ha blitt framstilt som «grådig».

Realiteten var at det ikkje var Stokke, men Grete Faremo, som hadde forhandla fram vilkåra i avtalen som seinare vart tilbydd Stokke.

Avtalen fastsette ein pensjonsalder på 62 år, men gav likevel rett til at direktøren kunne gå av ved fylte 58 år, gå over til å bli rådgjevar og halde fram på direktørvilkår.

Løna frå starten i 2002 skulle vere 1,2 millionar kroner pluss kompensasjon for to styreverv. Frå 1.1 2004 skulle årsløn og kompensasjon ikkje vere mindre enn 1,75 millionar. Det var også opna for ei bonusordning. Pensjonen skulle utgjere 66 prosent av løna. Det innebar at direktøren ville få like mykje i pensjon som statsministeren hadde i årsløn.

- Ikkje representere staten

Faremo avslår å kommentere innhaldet i avtalen eller forhandlingane med styreleiaren i Helse sør.

Faremo nøyer seg med å seie at ho takka nei til jobben etter å ha konferert med familien. Ho viser til at arbeidsstaden skulle vere Skien, medan ho og familien budde i Oslo.

Rune Skjælaaen (Sp) Hordaland, som er nestleiar i Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, er derimot klar. Han reagerer sterkt mot det som har skjedd i Hydro som han meiner er klart i strid med bodskapen frå regjeringa. Til Bergens Tidende seier han:

— Folk som har eit slikt syn på leiarløner og tilsetjingsvilkår, bør ikkje representere staten i selskap der staten har eigarinteresser.