Mange tusen nordmenn gjekk på ein økonomiske smell, då pyramideselskapet T5PC gjekk konkurs i november.

Men no får dei tidlegare medlemmene eit lite plaster på såret: Dei kan trekkje av tapet i sjølvmeldinga. Frådraget på 28 prosent gjeld berre tap på aksjar, ikkje medlemskontingent.

— Skatteetaten har gjort det riktige. Det er ei gledeleg overrasking at etaten har valt å leggje seg på denne lina, utan å setje i gang ein unødig komplisert prosess, seier advokat Olav Sylte til BT.

Sylte representerer over 200 tidlegare T5PC-medlemmar, mellom dei ein god del vestlendingar, som føler seg snytt for til saman nær 20 millionar kroner.

— Utfordringa for klientane blir no å dokumentere tapet, og bevise at dei har investert i aksjar slik lova krev.

— Og det er det mange som ikkje kan?

— Det vil bli problematisk, fordi det ikkje vart skrive ut ordinære sluttsetlar, som ved vanleg aksjekjøp. Aksjeboka er digital, og bustyraren har opplyst at han ikkje har hand om denne serveren.

Det lukkast ikkje BT å få tak i bustyrar Thomas Steen Brandi i går kveld. Men spesialutgreiar i Skatteetaten, Anna Lie, seier til aftenposten.no at T5PC- saka har vore gjenstand for ei grundig og vanskeleg vurdering. Tap i den andre store pyramiden, WGI, gir derimot ikkje rett til frådrag.

— Her er det snakk om eit aksjespel, og dermed ikkje reelle aksjar, forklarar Lie.