— Vi har diskutert avgangsvilkår og er samde om innhaldet. Avtalen er ikkje skreven ennå, og vi har ikkje tenkt å offentleggjere innhaldet. Den er heilt normal slik vilkåra er i næringslivet, seier den fungerande sjefen for flysikringsdivisjonen i Avinor, Oddvar Maudal, til Bergens Tidende.

- Ei handsrekking

— Er det normalt å betale sluttpakke når ein seier opp og sluttar etter eige ønskje i prøveperioden?

  • Det vil eg tru er normalt. Og i denne saka seier han opp for å hjelpe Avinor.
  • Inneber det at oppseiinga er ei handsrekking til Avinor sidan Avinor har tilsett ein person som ikkje var fagleg kompetent?
  • Eg vil ikkje seie det slik. Vi vil gje han ei handsrekking. Han har vore utsett for eit tøft press og har hatt ein vanskeleg arbeidssituasjon, seier Maudal.

Ingen vil ut med kor mykje flykontrollsjefen får i sluttvederlag. Han skal ha samtalar med leiinga i flysikringsdivisjonen om dette, opplyser kommunikasjonsdirektør Ove Narvesen i Avinor til Bergens Tidende.

Avinor i søkelyset

Denne saka er eit nytt slag mot leiinga i Avinor. Avinor tilsette ein person som ikkje hadde naudsynt fagleg kompetanse. Han var handplukke til jobben av leiinga i Avinor utan at jobben hadde vore utlyst eksternt.

For å bøte på manglane, måtte den tidlegare sjefen lære opp etterfylgjaren. Dessutan vart det operative ansvaret, som den tidlegare sjefen hadde hatt, overførd til Torbjørn Henriksen. Han er avdelingssjef for tårn og innflygingskontroll, sentralt i Avinor. Han har stått operativt ansvarleg overfor Luftfartstilsynet, og gjer det framleis.

Dette er så spesielt at direktøren i Luftfartstilsynet, Odd Lagarhus, nå har funne grunn til å rette ein peikefinger mot Avinor: Han har nå uttala at han går ut frå at Avinor nå vil syte for at den nye sjefen for kontrollsentralen blir godkjend av Luftfartstilsynet.

Gjekk i lære - sa opp

I tre veker hadde Per Christian Haraldsen (48) gått saman med den avtroppande kontrollsjefen, Tor-Øivind Skogseth, i ein overlappingsperiode, ved Oslo kontrollsentral, Røyken.

Skogseth sa opp 30. august i frustrasjon over leiinga i Avinor. Han hadde då vore sjef 1 ½ år, og før det nestsjef i to år ved kontrollsentralen. Han går nå til ein vanleg flygeleiarjobb i tårnet på Rygge flystasjon ved Moss.

Skogseth hadde sin siste dag ved kontrollsentralen i Røyken fredag 9. desember.

Måndag 12. skulle Per Christian Haraldsen ha sin første dag åleine som sjef. Klokka 900 hadde han innkalla dei tillitsvalde til møte.

— Han gav då beskjed om at han hadde sagt opp og ville fråtre umiddelbart, opplyser Bendik Heggelund til Bergens Tidende. Han er tillitsvald for flygeleiarane ved Oslo kontrollsentral, Røyken.

  • Eg fekk innkallinga til møtet fredag, og som tillitsvald stilte eg opp sjølv om eg hadde fri. Beskjeden om avgangen kom som lyn frå klår himmel, seier Heggelund.

- Forstår at han sa opp

  • På den andre sidan forstår eg godt at han sa opp og slutta. Han var ikkje fagleg kvalifisert for jobben, legg Heggelund til.
  • Det var slett ikkje overraskande at Haraldsen sa opp. Han mangla grunnleggjande kompetanse og skulle aldri ha vore tilsett. Det einaste som er overraskande er at Avinor kunne finne på å tilsette ein person som mangla elementær fagleg kompetanse, ikkje minst på bakgrunn av at Havarikommisjonen i august påtala at Avinor hadde for lite luftfartsfagleg kompetanse.

Dette seier Rolf Skrede som er leiar i Norsk flygelederforening til Bergens Tidende. Han meiner dessutan det er uhøyrt at tilsetjinga skjedde utan offentleg utlysing av stillinga.

Henriksen opplyser til Bergens Tidende at Haraldsen i møte mellom dei to fredag fortalde at han ville slutte.

— Det skjedde på hans eige initiativ utan noko som helst slags påtrykk eller initiativ frå Avinor si side, seier Henriksen.

HOVUDKVARTER: Her skulle Per Christian Haraldsen ha jobba. FOTO: LARS MYHREN HOLAND