VIDAR YSTAD vidar.ystad@bergens-tidende.no OsloKritikken råkar spesielt helseminister Tore Tønne, som var toppsjef i Statens nærings— og distriktsutviklingsfond (SND) då lånet vart innvilga. Dette framgår av ei samrøystes komitiinnstilling som nå er avgjeven i Stortinget.Komiteen sluttar seg også til konklusjonen frå næringsminister Grete Knudsen om at støtta til Pandestor - og til selskapet Pomor Invest - ligg i ei "gråsone i forhold til SNDs formålsparagraf". Godkjend av Tønne Saka gjeld innvilging og utbetaling av 2,7 millionar kroner i lån til det norsk-russiske selskapet Pandestor i 1996. Pengane er truleg tapt. Nestleiar i LO, Jan Balstad, var styreformann i selskapet og dessutan styremedlem i Statens Nærings- og Distriktsutviklingsfond (SND) då lånet vart innvilga.Det er avdekka at fagavdelinga i SND gjekk imot, då lånet vart innvilga. "Kritikkverdig av SND" Lånet vart innvilga på Tønne si fullmakt og seinare godkjend av han. Med lånesøknaden fylgde ein intensjonsavtale om samarbeid, som var underteikna av Tønne og russarar som var storaksjonær i Pandestor. Komiteen meiner det er "kritikkverdig at SND" ikkje tok større omsyn til innvendingane i saka. Komiteen viser til at både Eksportfinans, Garantiinstituttet for Eksportkreditt (GIEK) og juridisk avdeling i SND var kritisk til verdien av den russiske garantien.Dagens direktør i SND, Arne Hyttnes, vedgjekk i desember i fjor at det var tillit til Balstad vart eit viktig moment for SND, då lånet vart gjeve. Manglande gransking Komiteen finn det også "kritikkverdig" at SND ikkje hadde undersøkt korleis eigarforholda i Pandestor var, før det vart utbetalt støtte.Bergens Tidende har avdekka at tre russarar hadde utnytta posisjonane sine i det statlege russiske handelsselskapet Agrointorg. Dei oppretta sjølv eit selskap i Tallinn i Estland med namnet Pandestor Tallinn. Saman med Arne Treholt og investoren Vidar Kølner oppretta dei selskapet Pandestor Norge. Gjennom Agrointorg gav dei tre russarane i neste omgang garantiar til seg sjølv då lånet i SND vart teke opp. Då dette vart oppdaga i Russland, fekk dei tre sparken i Agrointorg.Hadde SND undersøkt eigarforholda, ville dei ha unngått den kritikken dei nå må tole frå Stortinget. Kontrollkomiteen slår vidare fast at lånesaka burde vore behandla i styret i SND.