Stortinget sin ombodsmann for forvaltninga stiller fleire inkvisitoriske spørsmål til Olje— og energidepartementet om innsynssaka der departementet har nekta å utlevere dokument til ombodsmannen.

Ombodsmannen fastslår at han ikkje kan behandle klagesaker i tråd med ombodsmannslova når departementet nektar ombodsmannen dokumentinnsyn.

Ombodsmannen krev at departementet svarar på om ein er samd i dette.

Dessutan må departementet gjere greie for kva relevans dei juridiske argumenta departementet framfører, har for spørsmålet om ombodsmannens innsynsrett.

Krev forklaring

I går vedtok kontroll- og konstitusjonskomiteen i Stortinget å stille spørsmål om saka til olje- og energiministeren.

Det skjer med bakgrunn i at Terje Riis-Johansen (Sp) har nekta å gje ombodsmannen innsyn. Komiteen krev å få grunngjevinga for at statsråden har nekta å gje ombodsmannen innsyn.

Grunnleggjande sett gjeld denne saka i kva grad Stortinget får høve til å føre kontroll med regjeringa. Stortingets ombodsmann for forvaltninga utfører ein viktig del av denne kontrollen på vegner av Stortinget.

Innsynsnektinga overfor Sivilombodsmannen vekkjer hovudristande reaksjonar både i administrasjonen på Stortinget og i heile det politiske miljøet.

Reaksjonane går ut på at departementet har bomma fullstendig på jussen, slik også jussprofessor Jan Fridthjof Bernt ved Universitetet i Bergen slo fast i BT søndag. Han konkluderte med at nektinga er lovstridig.

Står fast

Statsråd Riis-Johansen slår fast at han ikkje har endra standpunkt. Avslaget står fast.

— Eg har teke saka opp med Terje Riis-Johansen og gjeve uttrykk for at dette ikkje er bra. Det blir opna kontrollsak om ikkje ombodsmannen får det dokumentet han har bede om, seier Rune Skjælaaen, som er parlamentarisk leiar i Sp. Han sit i kontrollkomiteen.

— Brevet vi har sendt til Terje Riis-Johansen er ei gåvepakke til statsråden, som gjev han høve til å ombestemme seg og levere dokumentet til ombodsmannen. Han bør gripe denne sjansen, seier Carl I. Hagen (Frp), visepresident på Stortinget og medlem av kontrollkomiteen.

— For meg verkar det heilt uforståeleg at departementet held tilbake dokument som gjer det uråd for ombodsmannen å gjere jobben sin. Det må ha skjedd ei kortslutning i departementet, seier Per-Kristian Foss (H), også han medlem av kontrollkomiteen.

Både Hagen og Foss er opne for å innleie kontrollsak mot Terje Riis-Johansen om ikkje statsråden snur.

KNUT FALCH, SCANPIX (arkiv)