• Dersom Inge Lønnings framlegg om opptakskrav til høgskulane vert gjennomført, vil store delar av grunnskulen stå uten lærarar, seier høgskoledirektør Nils Mæhle.

Mæhle peikar på det store behovet for lærarar i grunnskulen i åra som kjem. Svært mange lærarar vert pensjonistar dei næraste åra. — Eit krav om snittkarakter på 4 frå vidaregåande skule vil tømma lærarhøgskulane for studentar.Mæhle er frustrert over debatten kring lærarutdanninga. Han saknar ein debatt om innhaldet i utdanninga.- Lønning avgrensar seg til negativ retorikk. Eg vil gjerne ha Lønning med på å diskutera endringar i utdanninga.- Ei framtidig lærarutdanning bør førebu studentane til å kunna vera både fag- og omsorgsperson, d.v.s. ei heilskapleg utdanning. Dette stiller nye krav til lærarutdanninga, som i dag er relativt tradisjonell, og som ikkje godt nok har utvikla seg i takt med dei omfattande samfunnsendringane.Mæhle ser for seg ei utdanning der halvtanna år vert nytta til undervisning i pedagogikk, praksis og prosjektundervisning. To og eit halvt år skal nyttast til fagleg fordjuping i to fag utanom norsk.Men status og løn må løftast om lærarutdanninga skal trekkja til seg studentar.- Tidlegare var lærarutdanninga ei av utdanningane med flest søkjarar. Årsaka var ikkje sjølve lærarutdanninga, men statusen til ferdige kandidatar. Her har politikarane ei stor oppgåve. Vi treng generelle tiltak for å styrkja lærarutdanninga og gjera læraren til ein myndig fagperson i staden for ein upersonleg byråkrat som i dag, seier høgskuledirektø Nils Mæhle.