VIDAR YSTAD

Oslo

Reaksjonane nådde eit førebels høgdepunkt etter den såkalla spontanspørjetimen på Stortinget i går der Bondevik var i elden.

Tre av Senterparti-statsrådane som var med i Bondevik I-regjeringa, seier til Bergens Tidende at dei ikkje kjenner Bondevik att gjennom den utviklinga dei har sett over tid.

— Mindre interessert

— Bondevik er nå meir arrogant og verkar mindre interessert. Det verkar som han syns det er brysamt å måtte svare på spørsmål i Stortinget. Men det gjeld også fleire av statsrådane, seier Marit Arnstad, som nå er parlamentarisk leiar i Sp. Det er stor avstand til det som vart innprenta i den første Bondevik-regjeringa at vi skulle opptre ope og audmjukt i forhold til Stortinget.

Ho var olje- og energiminister i den første Bondevik-regjeringa.

Arnstad samanliknar Bondevik med korleis Gro Harlem Brundtland opptrådte på sitt verste mot slutten av si regjeringstid. Det vekte også harme i Stortinget.

- Ein heilt annan politikk

— Bondevik har lagt seg til ein nedlatande stil, både overfor stortingspolitikarar og folk ute i landet. Det hadde kledd han betre om han hadde vist eit snev av forståing og innleving i korleis folk opplever røyndomen rundt om i landet. Dette er definitivt ikkje den gode gamle inkluderande og inspirerte Bondevik frå Bondevik I-regjeringa. Dette er ein heilt annan Bondevik. Men så står han då nå også for ein heilt annan politikk, seier Magnhild Meltveit Kleppa. Ho var sosialminister i Bondevik I-regjeringa og er i dag parlamentarisk nestleiar i Sp.

— Statsministeren har lagt seg til ein arrogant stil. Framstillinga hans av røyndomen er langt unna realitetane. Han burde vere betre i stand til å vurdere verknadene av eigen politikk og framferd, enn det som nå kjem til uttrykk, seier Odd Roger Enoksen til Bergens Tidende. Han var sjølv medlem av Bondevik I-regjeringa.

— Eg kjenner heller ikkje statsministeren og Kristeleg Folkeparti igjen i forhold til dei verdival KrF stod for i førre stortingsperiode, seier Enoksen.

- Vil få svi

— Bondevik har lagt seg på ein veldig spydig og nedlatande tone. Det må han gjerne halde fram med, då vil han få svi, for det går ikkje heim hjå veljarane, seier Kristin Halvorsen til Bergens Tidende. Ho er partileiar og parlamentarisk leiar i SV.

— Bondevik slår om seg med sarkasmar. Han er litt prega av Unge Høgre sine debattkurs frå 1980-talet, seier Halvorsen.

- Lågt nivå

— Bondevik sin måte å behandle spørsmål i Stortinget ligg langt under det nivå og den respekt ein statsminister bør møte Stortinget med.

Det seier stortingsrepresentant Trond Giske (Ap) til Bergens Tidende. Han uttalar seg på vegner av partileiinga.

— Han har lagt seg til ei litt hånleg form. Han verkar meir oppteken av å gjere stortingsrepresentanten som spør og spørsmåla som blir stilt, til lått, enn å gå inn på innhaldet i spørsmåla. Han burde ta inn over seg at det er 7-8 parti på Stortinget som har ulikt syn på mange spørsmål og som har i oppgåve å oppnå det dei meiner er til beste for landet, seier Giske.

Han nemner eit døme frå gårdagens spørjetime:

Sarkasmane sit laust

— Når han blir spurd om otten i mange fylke mot svekking av det offentlege skuleverket dersom det kjem private aktørar inn som er ute etter å tene pengar, reagerer han med eit retorisk spørsmål:

«Trur representanten at departementet vil tillate ulovlege handlingar?»

— Eller han kjem med replikkar som «dersom representanten hadde høyrt etter», eller «dersom representanten hadde sett seg inn i saka». Denne typen utsegner høyrer ikkje heime i eit parlamentarisk system.

Giske seier at Bondevik sin måte å opptre på i Stortinget nå er blitt eit «tema».

— Mange reagerer. Fleire av dei parlamentariske leiarane har snakka saman. Særleg ein del kvinner kvir seg for å stille spørsmål av di dei opplever han nyttar teknikkar for å henge ut den som spør i staden for å svare på spørsmål, seier Giske.

Og han legg til:

— Bondevik er kjent for å interessere seg for fotball. I fotballen heiter det at ein skal ta ballen - ikkje mannen. Han kunne godt ha lagt seg til den stilen når vi drøftar politikk i Stortinget.