På denne tida i fjor omtalte Bergens Tidende den singalesiske «Imara», som freista å ta sitt eige liv då ho på kort varsel skulle tvangssendast ut av landet. Det enda med akuttinnlegging på Haukeland, og UDI utsette utvisingsvedtaket for at Utlendingsnemnda skulle fatte endeleg vedtak i saka hennar. Saka vart også tema i Stortingets spørjetime i fjor.

Sterke menneskelege omsyn

For nokre veker sidan reiste «Imara» sjølv til Oslo for å møte Utlendingsnemnda, og avgjerda er no klar. Sterke menneskeleg omsyn gjer at ho er innvilga opphald på humanitært grunnlag.

— Eg er så glad, så utruleg glad, seier «Imara» til Bergens Tidende.

Ho fekk sjølv forklare seg for Utlendingsnemnda, som har lagt til grunn den historia som «Imara» tidlegare har fortalt gjennom Bergens Tidende - om korleis ho kom aleine til Norge og vart grovt misbrukt som au pair, og korleis ho hamna på UDIs asylmottak i Jølster der ho vart valdteken av to mannlege bebuarar. UDI var kjent med dette, men unnlot å politimelde overgrepa.

«Imara» aborterte etter valdtektene, og måtte innleggast på psykiatrisk klinikk ved sjukehuset i Førde og enda etterkvart på Krisesenteret i Florø. Først då vart valdtektene politimelde. Saka vart deretter lagt bort av politiet, på grunn av bevisets stilling.

«Imara» veit at dei to gjerningsmennene frå mottaket enno er i landet, og torer ikkje å stå fram med namn i avisa.

Starte på nytt

Advokaten hennar, Walter Høivik, var sterkt kritisk til den etterforskinga politiet gjorde i saka, og påklaga vedtaket til riksadvokaten, men utan å få medhald.

— Men saka har til sjuande og sist fått eit lukkeleg utfall, takka vere at så mange engasjerte seg, seier Høivik.

— Men det har skremt meg at styresmaktene ikkje har hatt betre kontroll på denne saka, og det verka heilt uklart at utvisingsvedtaket faktisk stod på vent da ho i hui og hast skulle tvangssendast ut av politiet. I året som har gått har ho levd i uvisse og vore svært redd.

Men da Utlendingsnemnda endeleg kom i gang med si behandling av saka, har det ifølgje Høivik gått greitt. Ifølgje advokaten var nemnda godt informert om «Imara» si sak, og fekk den ytterlegare opplyst i det to timar lange møtet med henne.

Dei siste åra har «Imara» budd i Bergen, der ho har prøvd å ta vidaregåande utdanning. Men den 28-årige kvinna har hatt problem med å takle presset og trugsmålet om å bli sendt ut av landet kva tid som helst.

Siste året har ho fått seg kjærast, og paret ventar barn til hausten.

— Alt er mykje lettare no når eg veit at eg får bli i landet, seier ho. - No kan eg starte på nytt.