Medan Hydro Aluminium ikkje vil modernisere, og skal nedbemanne verket i Høyanger, er situasjonen stikk motsett for selskapet som skal starte gjenvinning av industriavfall i dei gamle Slug-lokala på verksområdet i Høyanger.

Samtidig som Hydro nektar å modernisere det lønsame aluminiumsverket, vel selskapet å bidra på andre måtar. Og dei fagorganiserte er ikkje berre negative til at Hydro «kjøper seg fri» på denne måten.

— Hydro vil bidra

Hydro vil låne det nye selskapet ERAS ti millionar kroner, og skal ha sagt ja til å slette delar av gjelda på særlege vilkår.

— Vi har sagt oss villige til å bidra til omstilling i Høyanger, seier informasjonssjef Thomas Knutzen i Hydro Aluminium, som understrekar at avtalen med ERAS ikkje er underskriven.

Det same seier prosjektleiar i ERAS, Arnfinn Thomassen:

— Detaljane rundt lånet kan eg ikkje kommentere. Vi er enno ikkje i mål.

Men fleire sentralt plasserte kjelder opplyser overfor Bergens Tidende at partane langt på veg er samde om ein avtale. I denne skal sletting av 400.000 gjeldskroner for kvar tilsett ERAS overtek frå Hydro vere eitt sentralt vilkår.

Når det nye ERAS-anlegget etter planen står klart for produksjon neste haust, skal 20 faste operatørar tilsetjast for å vinne ut sinkoksyd av stålstøv.

Med andre ord har ERAS sjanse til å starte opp drifta si med opptil åtte millionar kroner mindre i gjeld, berre ved å hente arbeidarane blant Hydros eigne tilsette. Hydro-lånet skal gå inn som eigenkapital i den nystarta verksemda.

Knutzen vil korkje avkrefte eller stadfeste avtalen.

— Eg har vanskar med å gå i detalj på dette no, seier han. - Men Hydro er positive til etableringa av ERAS, og vi har sagt oss villige til å bidra.

- Spesiell avtale

Blant andre vilkår som blir diskutert mellom partane, skal vere tidspunktet for når Hydro vil sleppe sine tilsette med tilhøyrande gåvepakke over til ERAS.

Hydro stenger ikkje sine Søderberg-omnar før utgangen av 1996, og konsernet har opplagt interesse av å halde på arbeidskrafta fram til da. ERAS ønskjer på si side starte opp sin produksjon allereie om eitt år, og vil ha sine tilsette på plass på dette tidspunktet.

Eit anna tema er kven som skal bestemme kva folk ERAS skal få.

— Hydro vil gjerne bestemme sjølv kven dei ikkje har behov for. Men dei møter krav om at alle Hydro-tilsette fritt kan søke seg over til ERAS og få med «gåvepakken» til sin nye arbeidsgjevar, ifølgje ei kjelde.

Leiar i Høyanger Kjemiske Industriarbeidarforeining, Billy Fredagsvik, seier til Bergens Tidende at han kjenner til forholda rundt avtalen.

— Avtalen med å utveksle tilsette på slike vilkår er spesiell, seier Fredagsvik, som på ingen måte har gjeve opp kampen for å modernisere aluminiumsverket.

— Men uavhengig av modernisering treng Høyanger omstilling og nye arbeidsplassar. Dette ser eg faktisk som ein fin måte å gjere det på, seier han.

45 arbeidsplassar

ERAS får no vederlagsfritt overta lokala etter Slugfabrikken, der 78 industriarbeidsplassar gjekk tapt då Hydro stengte dørene i 1998. No skal det nye selskapet starte å utvinne ettertrakta sink av stålstøv, eit råmateriale som skal hentast frå utanlandske stålverk der det representerer eit gigantisk avfallsproblem

I tillegg til sjølve produksjonen med 20 tilsette, skal ERAS også legge hovudkontoret sitt til Høyanger. Går alt etter planen, vil det bli generert 45 nye arbeidsplassar i og rundt det nye selskapet.

Til samanlikning ville ei modernisering av Hydros Søderberg-anlegg gje 36 arbeidsplassar, langt færre enn dagens utdaterte C-hall.

— Vi valde Høyanger på grunn av infrastrukturen som låg der, med industrikai og bygningar, seier prosjektleiar Arnfinn Thomassen. - Dessutan treng vi tilsette med erfaring frå prosessindustri, og som er vande med å gå skiftarbeid. Det finn vi ikkje kor som helst.

Investeringane i ERAS er på 240 millionar, der også kommunen bidrar med aksjekapital og dessutan med 50 GWh konsesjonskraft.

Ifølgje ERAS' eigne tal skal anlegget i Høyanger gå med overskot frå første driftsår, og ambisjonen på sikt er å etablere eller selge teknologien til både Europa, USA og Japan.