HILDE KRISTIN STRAND

Onsdag kom forskingsskipet G.O Sars attende til Bergen. I to månader har dei vore på tokt i Midtatlanteren, og med seg til Havforskingsinstituttet har dei fleire nye artar.

— Me har funne minst to nye artar blekksprut. I tillegg er det fleire artar som kan vera nye, mellom anna djupvassmarulken Lophodolus, seier forskiingsleiar Odd Aksel Bergstad.

Uoppdaga område

Forskarane kallar Den midtatlantiske ryggen det mest uoppdaga fjellkjeden i verda. Denne gongen var det området mellom Island og Asorene som vart utforska.

— Me fann nokre spor på botnen som me ikkje veit kven kjem frå. Me følgde etter sporet, men fann ikkje noko dyr, seier Bergstad.

— Dette viser at det er mykje me ikkje veit om dette området, legg han til.

Forskarane oppdaga òg eit rart dyr som ingen eigentleg veit kva er. Den russiske forskaren Andrey Gebruk har vore med på ein annan ekspedisjon der ein såg det same dyret, men heller ikkje den gongen greidde dei å få tak i eit eksemplar.

Til saman 60 forskarar frå 13 land er med på forskingsprosjektet MAR-ECO. Prosjektet er norskleia, og har som mål å kartleggja mangfald og fordeling av liv i havet.

NYOPPDAGA: Djupvannsbreiflabb. <p/>FOTO: HAVFORSKNINGSINSTITUTTET.
NYOPPDAGA: Ny blekksprutart.<p/> FOTO: HAVFORSNINGSINSTITUTTET.