Ekteparet Thomas og Janice Reedy dreiv sal av grov barneporno i stor stil via internett. I kundebasen fann amerikansk politi 250.000 namn — somme av dei norske.

Ekteparet skal ha hatt inntekter på opp til ti millionar kroner i månaden på pornosalet, som skjedde gjennom selskapet «Landslide Productions» og via servarar i Russland og Indonesia. Ekteparet vart arrestert 8. september 1999. Thomas Reedy er seinare dømt til 1335 års fengsel i USA, kona Janice fekk 14 år.

Opprullinga i USA sette politifolk verda over på sporet av kundane til paret, og har ført til arrestasjonar i fleire land. Barneporno-aksjonen denne veka skal blant anna byggje på etterforskingsmaterialet i «Landslide»-saka frå amerikansk politi.