Veterinærinstituttet har hatt ei undersøking av drikkevatn over heile landet, og fann at vatn frå alle delar av dei undersøkte drikkevassystema vanlegvis inneheld muggsopp.

A. ustus er ein muggart som vanlegvis er å finne i jord. Men i norsk drikkevatn fann forskarane denne arten i overflatevatn og spesielt i grunnvatn.

Det er blitt rapportert om infeksjonar hos immunsvekte pasientar på sjukehus frå denne muggarten. Han skal òg vere motstandsdyktig mot medikament som vert brukt mot soppinfeksjonar.

Ein er usikker på kva det har å seie at sopparten er oppdaga i drikkevatn. Dette må ein derfor forske meir på.

Forskarane trur at muggsoppen kan spreie seg i innelufta via ørsmå vassdropar i lufta frå tappekranar og dusjhovud.

(©NPK)