OVE A. OLDERKJÆR ove.olderkjaer@bt.no Bømlo

Verken Telenor, politiet, helseetaten eller leitemannskapa på Bømlo greidde å oppspora kvar eller kven det kom frå, det dramatiske naudropet som blei ringt inn til alarmsentralen på Stord klokka 15.06 tysdag.

I går var den avbrotne telefonsamtalen samtaleemne over alt på Bømlo. Med gru såg mange føre seg at ei eldre kvinne låg forbrent på eit badegolv ein eller annan stad på øya.

Utpå dagen i går var klart for lensmann Bjørn Lavik at Telenor kan koma til å bruka eit par dagar på å oppspora kvar samtalen kom frå.

Heimehjelpene i aksjon Tidleg i går gjekk heimehjelptenesta på Bømlo, under leiing av Berit Morlandstø i gang med å undersøkja om det var nokon blant dei 300 brukarane som hadde ropt om hjelp. Det var det ikkje.

I går var også alle dei ti lokallaga av Kvinne— og familieforbundet - tidlegare husmorforbundet - engasjert i eit nettverksøk gjennom Kvinner i frivillig beredskap.

— Vi har teke kontakt med medlemmene våre, og dei har igjen teke kontakt vidare med folk som kjenner bygda og folk som bur åleine. Vi har eit bra nettverk som ser ut til å fungera greitt, seier lokallagsleiar Kari Steinsvåg til Bergens Tidende.

- Rart ... - Det er rart dette. Alle lurer på kva som kan ha skjedd. Her på Bømlo tek folk normalt godt vare på kvarandre, seier Birgit Habbestad (67), ei av nettverkkvinnene som i går tok i bruk jungeltelegrafen for å oppspora kvinna som kan liggja hardt skadd åleine i eit hus.

På ettermiddagen samla Bømlo Røde Kors hjelpekorps søkstropper på korpshuset på Bremnes. 18 personar var ute i felten til klokka 22 i går kveld.

Dei oppsøkte hus med eldre folk som heimehjelpa ikkje hadde vore i kontakt med, i Mosterhamn, Håvik, Gilje, Meling, Brandasund og deler av Bremnes og Rubbestadneset.

— Vi blei kontakta alt tysdag kveld. Men vi hadde ikkje noko å arbeida ut frå, det var som å leita etter nåla i høystakken, seier leiar Pål Espen Haukedal i hjelpekorpset på Bømlo.

— I går kunne vi sjekka ut hus samanhalde med kontrollane husmorlaga og heimehjelpa hadde utført. Vi fekk óg konkrete tips som vi sjekka ut, men altså utan resulat, sa Haukedal seint onsdag kveld.