Dette opplyser politimeisteren i Oslo, Anstein Gjengedal, til Bergens Tidende.

Funnet av bomba har vore hemmeleghalde inntil nå, men politiet jaktar på ein eller fleire «bombemenn». Det var innehavaren av kaféen som oppdaga ein mistenkeleg gjenstand og tilkalla politiet.

30-40 gram sprengstoff

— Ein av ekspertane våre på kriminalteknisk avdeling tok med seg det som viste seg å vere ei bombe. Bomba vart uskadeleggjort og demontert og inneheldt 30-40 gram sprengstoff, meir enn nok til å skape ein kraftig sjokkverknad, seier Gjengedal.

Derimot ville bomba ikkje ha hatt splinteffekt. Politiet har arbeidd med å undersøke bomba vidare med sikte på å finne interessante spor. Resultatet av undersøkingane er ennå ikkje klart.

Brukt mot politiet

Gjengedal vil ikkje ha uttala noko om kven som sto bak eller kva motiv dei kan ha hatt. Men han seier det er kjent at slike bomber har vore brukt før under tilsvarande aksjonar i utlandet - mot politiet og politihestar - for å oppnå sjokkeffekt.

Det har ikkje lykkast politiet å finne fram til den eller dei som hadde plassert bomba i kaféen. Politiet er difor interessert i opplysningar og tips frå personar som veit noko eller har observert noko som kan relaterast til funnet.

Gjengedal kan også opplyse at politiet har sikker kunnskap om at fleire tilreisande demonstrantar gjorde diverse forsøk på å provosere politiet og få politiet til å rykke ut i løpet av dei dagane verdsbankmøtet pågjekk. Mellom anna vart det ringt inn fleire meldingar med beskjed om at det pågjekk knivstikking på Vaterland torg.

Men politiet hadde heile tida full oversikt over situasjonen i området og let seg ikkje provosere eller lokke til å rykke ut. Vi visste at meldingane var falske, seier Gjengedal. Politiet kom også over lager av stein som truleg var samla med sikte på å kaste mot politiet. Steinlagra vart haldne under oppsikt.

Mykje ros

Oslo-politiet fekk etter avslutninga av verdsbankkonferansen mykje skryt for måten dei hadde takla utfordringane på. Både arrangørane av demonstrasjonane og fleire av deltakarane roste politiet. Oslo-politiet vart framheva positivt i forhold til korleis kollegaene i Göteborg løyste oppgåvene sine i fjor.

I Oslo fekk demonstrantane fritt kome til orde med bodskapen sin utan å bli meia ned. I Göteborg vart ein demonstrant skoten til døde då politiet opna eld og skaut med skarpt.

Mottoet til Oslo-politiet var å vere til stades utan å synast fordi eit stort oppbod av uniformert politi ofte har vore nok til å provosere til konfrontasjonar mellom demonstrantar og politi.

Utanlandske politifolk har sidan kome til Oslo «for å lære» korleis ein oppnår å ha kontroll utan å bruke rå makt.