Forumet, som er kalla «Møteplassen», er ein del av nettstaden og eldremagasinet Vi over 60. For nokre veker sidan flauma forumet over av falske profilar.

Ingen av dei nyoppretta kontoane har bilete eller personleg informasjon. Mange av profilane har namn som inneheld kjende potensaukande legemiddel, som «buy-viagra» og «sperm-volume-pills».

FALSKE PROFILAR: Forumet på nettstaden til Vi over 60 ble for nokre veker sidan flauma over av falske profilar.
SKJERMDUMP

— Dette er nok fisking for å få nokon til å vise interesse. Det er sannsynleg at profilane vert oppretta maskinelt ein eller anna stad, seier rådgivar Anne Dybo ved Økokrim.

Eldre meir utsett

Ifølgje Dybo er eldre ofte meir sårbare for svindel enn andre.

— Pensjonistar har vanskelegare å forstå at dei vert forsøkt svindla, fordi dei har vakse opp i ei tid kor folk har oppført seg ordentleg, seier ho.

Eldre menneske sin manglande kjennskap til dagens teknologi kan vere ein anna forklaring, meiner Forbrukarrådet.

— Den eldste aldersgruppa kan ha liten erfaring med moderne teknologiske hjelpemiddel, som Internett eller smarttelefonar, seier fagdirektør Jo Gjerdrem i Forbrukarombodet til VG.

Berit Waag, som har hatt brukar på Møteplassen i fleire år, vart forsøkt svindla av ein utanlandsk mann på forumet for to år sidan.

— Han verka fantastisk. Det høyrdest ut som om han jobba i fjerne land, og at han var veldig rik. Han fortalde at han ville treffe meg, seier Waag.

Alt var fryd og gammen, heilt til tonen brått endra seg.

— Plutseleg sa han at han trong pengar - raskt. Då forstod eg at han prøvde å lure meg, seier Waag, som raskt kutta kontakten og melde svindelforsøket til politiet.

- Drilla rundt veslefingeren

Dybo ved Økokrim seier dei har fått stadig fleire førespurnader om nettsvindel av eldre dei to siste åra, og datingsvindel er på toppen.

Pensjonistar har vanskelegare å forstå at dei vert forsøkt svindla, fordi dei har vakse opp i ei tid kor folk har oppført seg ordentleg.

Anne Dybo, Økokrim

— Problemet er at dei skaffar seg eit tillitsforhold til personen, og vert kjenslemessig engasjert. Dei får gjerne tilsendt bilete av ein veldig kjekk mann eller kvinne som fortel flotte historier. Mange mister hovudet.

Ifølgje Dybo vert stadig fleire kvinner i 60-70-åra lurt gjennom nettdating.

— Eit av kjenneteikna er ofte at vedkommande dei har kontakt med er rundt 30 år yngre. Når det er oppstått tillit, vert det snakk om å sende pengar, sier ho.

Waag hadde aldri venta å verte forsøkt svindla på ein møtestad for eldre.

— Eg vart drilla rundt veslefingeren. Det var forferdeleg ekkelt, seier ho.

- Sikkerheita er grei

No ønskjer Waag å åtvare andre eldre som kan hamne i same situasjon.

— Eg trur det er mange som forsøkjer å svindle eldre menneske fordi dei trur at dei er lettlurte, seier ho.

Anne Marit Hjelme, sjefredaktør og dagleg leiar i Vi over 60, seier at dei falske profilane er fjerna.

— Vi har tatt kontakt med vår webmaster, som har fjerna profilane. Om problemet skulle halde fram, vil vi leggje ned tilbodet mellombels, fortel Hjelme.

- Kor god er sikkerheita for brukarane av Vi over 60?

— Sikkerheita er heilt grei, og som den er elles på liknande nettsider. Dette er noko som hender frå tid til annan, utan at vi veit kva det er for noko. Eg beklagar verkeleg at dette har skjedd. Vi vil ikkje at nokon skal føle seg utrygge på Møteplassen.