• Statnett planlegg å byggja ei 90 kilometer lang kraftline på 420 kV gjennom Eidfjord, Ulvik, Granvin, Kvam og Samnanger. Mastene vert opptil 45 meter høge, og traseen 40 meter brei. Prisen er rekna til 430 millionar kroner. Kraftlina skal tryggja straumforsyninga til bergensområdet.
  • Hardangerrådet, med kommunane Odda, Ullensvang, Jondal, Eidfjord, Ulvik, Granvin og Kvam seier blankt nei. I staden krev dei samrøystes at Statnett utgreiar kombinert jord— og sjøkabel. Kostnaden med dette er lausleg rekna til vel 2 milliardar kroner, eller fem gonger så mykje som luftspennet vil kosta. n Statnett tenkjer seg at ein kabel vil gå i sjø frå Eidfjord til Norheimsund, og i jord derfrå til Samnanger.
  • Kvam kommune planlegg i samarbeid med Statens vegvesen tunnelar frå Fyksesund mot Norheimsund. Det skal finansierast med 275 millionar kroner i bompengar.
  • Det er og lansert ein idé om ein tolv kilometer lang tunnel for biltrafikk og kraftkabel under Kvamskogen. Ein slik tunnel vil føra kabelen nesten heilt fram til trafostasjonen på Høysæter.