• I februar i fjor kunne Bergens Tidende gjennom fleire reportasjar avdekke alarmerande opplysningar om den nye radaren som var under bygging i Vardø. Dei gjekk ut på at radaren var plassert der med sikte på ein ny amerikansk militærstrategi.* Bergens Tidende ba då om innsyn i ei rad dokument om saka frå Utanriksdepartementet og Forsvarsdepartementet. Det vart avslag over heile lina.* BT klaga i februar i fjor til Sivilombodsmannen, og klagen er framleis under behandling. Ombodsmannen fekk i desember i fjor tilgang til alle dokumenta i saka. I mars ba han om at ein eller to av medarbeidarane hans også måtte få tilgang til dokumenta for å gjennomføre ei forsvarleg saksbehandling. Det er nyleg avslege av utanriksminister Thorbjørn Jagland.* Undervegs avdekka BT massive brot på journalføringsplikta både i UD og FD. Det er seinare vedgått av departementa og kritisert av ombodsmannen.