Evelle bremser utviklinga av rynkar, mens Panto-3 styrker hårveksten og Oxy Tarm motverkar treg mage. Og for 369 kroner får du 270 kapslar Efalex — med olje frå tunfisk og nattlys og dokumentert effekt ved lese- og skrivevanskar.

Den nye haustkatalogen frå Naturli'Vis-kjeden, med tretten medlemsbutikkar i Hordaland og Sogn og Fjordane, lovar mykje. Men her i landet er det i praksis minimal offentleg kontroll med om helsekostprodukt held løfta sine.

Stor marknad, lite tid

I Norge finst det totalt 12.000 kosttilskot og naturmiddel i handelen, ifølgje Bransjerådet for Naturmidlar. Helsekost er definert som næringsmiddel, og Statens Næringsmiddeltilsyn (SNT) forvaltar regelverket for merking av mat.

Men sentralt jobbar berre ein saksbehandlar med produktmerking generelt.

— Det finst tusenvis av slike produkt, og nye dukkar stadig opp. Som regel blir vi nøydde til å seie: Vi har ikkje tid, fortel seksjonssjef i SNT, Åse Fulke.

— Det meste er sannsynlegvis i strid med norsk legemiddellovgjeving. Men veldig sjeldan er desse produkta farlege. I verste fall blir du lurt, seier Fulke, som oppfordrar folk til sunn skepsis.

Lenge sidan sist

Ved hjelp av stikkprøvar kan også lokale næringsmiddeltilsyn kontrollere at merking er riktig utført. Men slike kontrollar er svært ressurskrevande, og ofte ikkje prioriterte, viser BTs ringerunde.

I Bergen er det ikkje blitt utført stikkprøvar på helsekostprodukt på mange år.

— Det er minst åtte-ti år sidan sist, seier Aslaug Sandvin ved Næringsmiddeltilsynet i Bergen til BT.

— Vi gjorde det ein gong for lenge sidan, men har ikkje følgt opp, seier rådgjevar Bente Lien i Sunnfjord og Ytre Sogn kjøt- og næringsmiddelkontroll.

Mens Indre Hardanger, Nordfjord og Nordhordland og Gulen har regelmessige kontrollar etter tilsynsnivå.

— Men det blir helst enkle kontrollar. Datomerking, kjøletemperatur og slikt, seier Harald Nordås, leiar i Næringsmiddeltilsynet i Nordhordland og Gulen.

— Så de sjekkar ikkje kva produkta inneheld, eller om dei held det dei lovar?

— Det har vi ikkje kapasitet til.

Etterlyser offentleg kontroll

Forbrukarrådet er ikkje tilfreds med kontrollen i SNT.

— Vi ønskjer sjølvsagt at det blir utført fleire stikkprøvar, seier førstekonsulent Vivian Mikalsen til BT.

— Mange produkt er ikkje merkte godt nok, og påstandar i annonsane er ofte ikkje dokumenterte. Det er eit klart behov for betre offentleg regulering av denne marknaden, seier Mikalsen.

Forbrukarrådet arbeider for klarare retningslinjer når det gjeld helsekostprodukt. Også styresmaktene ønskjer å stramme opp bransjen.

I samband med den nye matlova, som trer i kraft ved årsskiftet, kjem Syse-utvalet med ein rapport før jul.

Utvalet skal mellom anna sjå på kva som er føde og kva som er legemiddel, og kva produsentane kan føre til torgs av helsepåstandar. Dei skal også vurdere kva kompetansekrav som skal stillast til tilsette i helsekostbutikkane.

Forbrukarrådet gjennomførte nyleg ein ringerunde til tolv av landets helsekostbutikkar. Berre to klarte å svare riktig på fire enkle spørsmål om riktig bruk av produkt i eigne butikkhyller.

STORT UTVAL: I Norge finst det totalt 12.000 kosttilskot og naturmiddel i handelen, men berre ein person jobbar med produktmerking.<p/> FAKSIMILE