— Han meiner det nok godt, Bjarne Håkon Hanssen. Men då eg høyrde om den nye helsereforma, tenkte eg: No igjen!

Sukket kjem frå Bjørg Holm, leiar for Handikappforbundet på Voss. Ho er ikkje den einaste skeptikaren til den nye samhandlingsreforma.

Dette kjem fram i ein ringjerunde til ei rekkje fagfolk og pasientorganisasjonar på Vestlandet.

- Ny reform, utslite personale

  • Helsereforma i 2002 var ingen suksess. Kva skal vi med endå ei? Forventningane er ikkje store blant pasientar og kronikarar, seier Holm.

— Det er sikkert mange flinke folk med i ekspertpanelet, men også der snakkar dei nok mykje om og lite med dei det gjeld.

Også Rune Larsen, anestesilege og styremedlem i Helse Førde, har små forventningar til ei ny reform.

— Den førre løyste ikkje problema, og eg har heller ikkje tru på at den nye vil gjere det. Det er så mange fine ord og intensjonar, og politikarane er flinke til å auke forventningane mellom folk flest, seier Larsen.

— Men både i Helse Førde og andre føretak opplever eg at dei tilsette er oppgitt. Ressursar blir flytta frå pasientbehandling til administrasjon, og personalet blir i veldig liten grad tekne vare på. Vi står på kanten av ein ny reform med eit utslite personale.

- Mest «snakk» så langt

Leiar i Hordaland Legeforening, Gunnar Ramstad, karakteriserer forventningane sine som svært nøkterne.

— Eg trur det skal meir til enn ei samhandlingsreform for å løysa dei store utfordringane som helsevesenet no står framom, seier Ramstad.

Han kallar det som har kome frå helseministeren og ekspertutvalet til no for mest «snakk og ein del notat». Derfor ventar Ramstad spent på forslaget til reform, som kjem når utvalet har tenkt seg ferdige frampå vårparten.

I Granvin har kommuneoverlege Gunnar Hetland vondt for å tru at arbeidsdagen hans blir særleg endra av endå ei reform frå Helsedepartementet. Til no har nye helsereformer stort sett ført til meirarbeid på legekontoret.

— Innføringa av fastlegeordninga og NAV-reforma har ført til mykje papirarbeid. No brukar eg minst ein fjerdedel av arbeidstida mi på å fylle ut skjema. Mykje av dette arbeidet må gjerast på kveldstid. Kontortida må eg bruka til å ta i mot pasientane, seier Hetland.

Optimisme i kommunane

Men ikkje alle er skeptiske.

— I Kommune-Norge rår det optimisme for reforma. Vert omstillinga vellukka, blir pasientane vinnaren.

Dette seier Astrid Toft, rådgjevar i KS for Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane. Samhandling mellom kommunane og sjukehusa er eit av hennar hovudarbeidsfelt.

— I dag er det mange oppgåver som vert gjort på sjukehus som kan gjerast like godt på ein sjukeheim eller på ei forsterka sjukestove, Spesielt vil kvardagen for kronikarar og eldre pasientar verte lettare om dei slepp å liggje på sjukehus kvar gong dei treng behandling eller noko kjem på, seier Toft.

— Ingen redsel for at det ikkje skal følgja pengar med dei nye oppgåvene?

— Nei. Denne gongen stolar kommunane på at dei får dei midlane som trengst for å gjennomføra reforma.

Har du tru på Hanssen si helsereform? Diskuter saka her.

SCANPIX
Rune Sævig
oddleiv apneseth
SKEPTISK: Leiar i Hordaland Legeforening, Gunnar Ramstad, har nøkterne forventningar.
Knut Strand
SKEPTISK: Gunnar Hetland, kommuneoverlege i Granvin, trur ikkje arbeidsdagen blir særleg endra av endå ei reform.
Rune Sævig