Madison og Tyler, Ashley og Jackson. Dette er engelske etternamn, som også er blitt populære førenamn.

Ifølge namneforskar Ivar Utne har kring tjue av dei hundre mest vanlege jente— og gutenamna i USA dei siste tjue åra opphav som etternamn.

Trenden har også nådd Skandinavia, men er meir utbreidd i Sverige enn her. Det finst langt fleire svenskar med namn som Bailey og Haley, Mackenzie og Mason. Men i Noreg lever blant anna tolv kvinner med namnet Ashley, og like mange menn heiter Cameron.

— Mange av desse kan vere innvandrarar. Dersom utanlandske etternamn skal bli godkjende som førenamn her til lands, må vi ta omsyn til to ting: Det viktigaste er at dei er i bruk som førenamn i andre land. Det kan og bli lagt vekt på at dei ikkje alt er i bruk som etternamn her til lands, forklarar Utne til BT.

— Det kan derfor vere vanskeleg å få godkjend kjende etternamn som Mackenzie og Jackson.