Saman med politiførstebetjent Dag Øyen ved Førde og Naustdal lensmannskontor skal dei to etterforske vestlandsbiten av den svært omfattande «lommemannen»-saka.

— Eg har vore på Austlandet og henta dei åtte sakene frå Vestlandet, seier Øyen til Bergens Tidende. I alt meiner politiet at «lommemannen» kan ha slått til 108 stader i landet.

Øyen ønskjer ikkje å kommentere om det er konkrete spor eller mistanke mot enkeltpersonar som gjer at lensmannskontoret i Sunnfjord får ei sentral rolle i den storstila etterforskinga.

— Vi skal no gå systematisk gjennom dei åtte overgrepa som har skjedd på Vestlandet. Teorien er at vi kan få like mykje ut av det, som å gå i detalj på alle sakene, seier Øyen.

Fleire fellestrekk

— Kva er det som gjer at politiet er så sikre på at same mannen står bak alle overgrepa?

— Vi er ikkje heilt sikre på det. Men vi meiner at det er god grunn til å tru at det er tilfelle i mange av sakene. Årsaka er godt samanfallande skildringar av korleis han ser ut. Dessutan er måten han går fram på for å få kontakt med gutar på er lik frå sak til sak, seier Øyen.

Overgrepssaka har vakse kraftig etter at politiet i sommar gjekk ut med opplysningar om den omreisande mannen. Han har lokka til seg unge gutar og fått dei til å stikke handa ned i bukselomma hans, slik at dei kjem i kontakt med kjønnsorganet.

Kring 100 namngjevne menn skal no vere i politiets søkjelys. Nokre av dei har kome dit etter tips. Fleirtalet er såkalla moduskandidatar som politiet har kome fram til sjølv.

Ti minutt etter

Dei fleste overgrepa har skjedd på Austlandet, men mannen har vore over heile Sør Noreg.

— Det har tidlegare blitt framstilt slik at mannen truleg bur på Austlandet og ofte reiser vestover. Kan det vere omvendt?

— Det politiet har sagt er at vi trur mannen opererer med aust-vest som transportveg. Det er godt mogleg at han bur på Vestlandet.

Ein teori er at mannen kan arbeide i transportbransjen. Grunnen er at fleire av overgrepa har skjedd på, eller nær industristader.

Mange av dei siste overgrepa han har gjort seg skuld i har skjedd på Vestlandet. Ein annan av teoriane politiet arbeider ut frå er at han kan ha flytta eller skifta arbeidsgjevar.

Nærast til å ta mannen var politiet då han forgreip seg på ein gut ved eit større idrettsarrangement i Førdehuset 22. april. Berre ti minutt etter at overgrepet hadde funne stad, kom fleire polititenestemenn til staden. Men i folkemengda greidde han likevel å kome seg unna.

Også det siste kjende overgrepet skjedde i Sogn og Fjordane. Det var ved symjebassenget på Fjordstova i Skjolden 14. juli.