Alle dei tre er no sette fri. Men overfor bt.no understrekar politiet at dette ikkje inneber at saka mot dei tre er svekka. Tvert om, seier politiadvokat Øivind Olseng:

— At vi trekkjer tilbake kravet om varetekt har å gjere med forklaringa dei tre sikta har gitt. Spesielt i løpet av søndagen var det ei utvikling. I tillegg har vi hatt ein gjennomgang av beslaglagt materiale. Etter vårt syn viser denne at faren for at bevis skal gå tapt, ikkje er så stor. Men generelt meiner vi vår sak mot selskapet er styrka, seier han.

Etter det bt.no kjenner til skal i alle fall ein av dei sikta ha tilstått forhold som i alle fall delvis samsvarar med siktinga.

Det var ein gjennomgang av saka i dag tidleg som gjorde at politiet avgjorde å trekkje krava om varetektsfengsling for dei tre.