Som kommunal— og regionalminister instruerte Erna Solberg først Utlendingsdirektoratet i 2003 kva resultat dei skulle kome til. På same måte instruerte ho klageorganet Utlendingsnemnda før dei fatta vedtaket sitt i 2005.

Fråteken rett

Dermed er mulla Krekar fråteken den retten som kvar og ein skal ha til å få ei forsvarleg behandling som tek vare på rettstryggleiken for den einskilde, også for mulla Krekar.

Her kjem også omsynet til internasjonale konvensjonar som Noreg er pliktige til å følgje inn.

Dette er ein del av bodskapen frå advokat Harald Stabell til Høgsterett i ankesaka mulla Krekar har fremja for domstolen.

Høgsterett skal nå ta stilling til om vedtaket om å utvise Krekar av omsyn til rikets tryggleik av di han er ein fare for rikets tryggleik, er gyldig.

Utan innsyn

Korkje Høgsterett eller lagmannsretten og tingsretten som tidlegare har behandla dette spørsmålet, har fått tilgang til opplysningane som eventuelt grunngjev kvifor Krekar er ein fare for rikets tryggleik.

Dei har berre å halde seg til at «kompetent styresmakt» har konkludert slik på grunnlag av opplysningar frå Politiets Tryggingsteneste (PST).

I Høgsterett i går kom det dessutan fram at heller ikkje UDI og i neste omgang UNE som formelt har fatta utvisingsvedtaka, har hatt tilgang til denne informasjonen.

«Førebyggande tiltak»

Statens prosessfullmektig, assisterande regjeringsadvokat, Tolle Stabell, hevda for sin del at utvisinga av Krekar av omsyn til rikets tryggleik, er eit «førebyggande tiltak». Ein treng då ikkje å leggje fram prov for at han har gjort seg skuldig i ulovlege eller straffbare forhold. Det er nok å kome med ei vurdering om at han kan representere ein risiko for den norske staten ved å ha tilhald her i landet.

Men kva desse vurderingane byggjer på, kan og vil ikkje staten leggje fram for retten. Regjeringsadvokaten hevdar dette er opplysningar som er omfatta av det såkalla bevisforbodet som domstolen ikkje kan motta. Det omfattar opplysningar som rikets tryggleik.

Menneskerettsdomstolen

Spørsmålet er kor langt prøvingsretten for domstolane går i å vurdere forvaltninga sitt skjøn og om saker som gjeld rikets tryggleik kjem i ei heilt anna stilling enn andre typar saker.

Dette må Høgsterett ta stilling til.

Advokat Harald Stabell trekte her fram ein dom frå den europeiske menneskerettsdomstolen frå 2002 som liknar Krekar-saka. Også her var det snakk om opplysingar som vart haldne løynt for mannen saka galdt av omsyn til rikets tryggleik. Her slo retten fast at domstolen hadde krav på å få desse opplysningane. Retten slo vidare fast at mannen saka galdt, eller i det minste ein advokat som opptrådte på vegner av han, skulle ha vid rett til innsyn i dei hemmeleghaldne opplysningane for at klienten skulle kunne imøtegå opplysningane.

Spesielt i retten

Høgsterett som nå behandlar denne saka har ei spesiell samansetjing. To av dei fem medlemene i retten, er dommarane Ketil Lund og Ingse Stabel som begge var med i Lund-kommisjonen som granska dei hemmelege tenestene og avgav rapport i 1996.

Og på kvar side i skranken står to advokatar med namnet Stabell: Harald og Tolle.

Dermed blir dette ei historisk sak: Stabell mot Stabell og Stabel i retten.

I BØN: Mulla Krekar følgjer intenst med i rettsforhandlingane i Høgsterett sjølv om han ikkje forstår alt som blir sagt. I ein pause la han seg ned på steingolvet i gangen utanfor rettssalen for å be. FOTO: CORNELIUS POPPE, SCANPIX
Poppe, Cornelius