Det skjer under den opne høyringa som kontrollkomiteen på Stortinget skal ha torsdag 1. juni om UDI-saka. Den gjeld UDI si avgjerd om å gje 197 irakiske kurdarar mellombels opphald på humanitært grunnlag — i strid med politiske signal.

10 på teppet

I alt 10 personar blir innkalla eller «invitert» til høyringa. Det er Erna Solberg, som tidlegare ansvarleg statsråd, Bjarne Håkon Hanssen som i dag er ansvarleg statsråd, Trygve Nordby som tidlegare direktør i UDI, Manuela Ramin Osmundsen som tidlegare assisterande og seinare ansvarleg direktør i UDI, direktøren for Utlendingsnemnda, Terje Sjeggestad, granskingsleiaren, Hans Petter Graver, og leiaren for kvar av dei fire tilsetteorganisasjonane i UDI.

Dette opplyser saksordføraren i kontrollkomiteen, parlamentarisk leiar i KrF, Dagfinn Høybråten, til Bergens Tidende.

Granskingsrapporten frå utvalet leia av professor Hans Petter Graver, konkluderte med at det har utvikla seg ein ukultur i Utlendingsdirektoratet.

Ukultur

— Vi har nå bestemt at vi vil gå djupare inn i to hovudspørsmål: Korleis kunne det skje at det utvikla seg ein ukultur i direktoratet? Og kva grep blir nå teke eller vil bli teke for å gjenvinne tilliten til utlendingsforvaltninga og innvandringspolitikken? opplyser Høybråten.

— Det første spørsmålet vil i stor grad gå til Erna Solberg som tidlegare ansvarleg statsråd i Kommunaldepartementet, men også til andre. Det andre hovudspørsmålet blir retta til dagens ansvarlege statsråd, Bjarne Håkon Hanssen. Her vil vi klarlegge om han har handla adekvat, seier Høybråten.

Høybråten seier at det i denne samanhengen ikkje er unaturleg at det blir stilt nokre spørsmål kring tilsetjinga av Manuela Ramin Osmundsen.

— Problemstillinga er relevant, ikkje av di vi er ute etter Osmundsen, men for å klarlegge statsråden sin embetsførsel, legg han til.

Høybråten stadfester at det her er naturleg å sjå på disposisjonane Hanssen har gjort opp mot dei innspel og informasjonar som har kome til departementet frå UDI. To brev frå oktober og november i fjor, vil stå sentralt her.