— Vi kunne godt ha klart oss utan dei sakene han har vore eksponert med i den siste tida.

Slik svara Høgre-leiaren då ho fekk spørsmål om Hagen er verdig til å vere president i Stortinget med bakgrunn i alle dei kontroversielle eksponeringane han har bak seg i seinare tid.

Kontroversiell Hagen

Venstre-leiar Lars Sponheim tolkar Solberg sine utsegner som at ho er på line med han i hans vurderingar:

Sponheim sa i førre veke til Bergens Tidende at Hagen er langt meir kontroversiell nå enn då han vart vald til visepresident i fjor haust.

Solberg møtte pressa i går saman med dei to nestleiarane sine, Per-Kristian Foss og Jan Tore Sanner, for å oppsummere stortingssesjonen.

Solberg presiserer at Hagen er valt til visepresident - ikkje president. Ho meiner også at han er vald for fire år.

— Nei valet gjeld vel for eitt år om gongen? Og det skal vel vere val til hausten?

— I prinsippet gjeld valet for fire år, og eg ser ingen grunn til at Høgre ikkje skulle røyste for Hagen til hausten, seier Solberg.

Ferdig med problema

Solberg ser lysare på livet etter landsmøtet i partiet som vart brukt til å lage ein ny plattform.

— Eg trur vi har nådd fram: etter ein lang vinter har vi opplevd ein betydeleg varmare vår og har hatt framgang på alle meiningsmålingane, seier Solberg. Men ho ville slett ikkje snakke om kva kjensler ho hadde då alt butta imot tidlegare i år:

— Det gidd eg ikkje. Det er eg ferdig med. Eg la det bak meg på Høgres landsmøte, utbraut ho.

Nå vil partileiinga sjå framover, bruke tid på utgreiingar og trekke inn folk og miljø som står utanfor partiet.

Solberg vedgår at det er krevjande å markere seg ut over å vere ein «avansert kommentator» når opposisjonen står overfor ei fleirtalsregjering.

— Det positive er at vi får tid til å utforme alternativ.

Hemmeleg pengebruk

Per-Kristian Foss tok eit oppgjer med Carl I. Hagen sin påstand om at millionløyvingane til stortingsgruppene ikkje er skattebetalarane sine pengar, men tilhøyrer stortingsgruppene.

— Dei avsløringane vi har sett om Frp sin pengebruk er ikkje heldig for politikarane sitt omdøme, slo Foss fast.

Foss og Høgre vil likevel ikkje opne for fullt innsyn i korleis stortingsgruppene nyttar dei millionane dei får tilførd av statlege midlar.

Berre Venstre har gjeve fullt innsyn i korleis stortingspartiet nyttar pengane dei får til disposisjon.

På spørsmål om ikkje innsyn verkar disiplinerande og er eigna til å motverke uheldig omdøme for politikarane, svarar Foss slik:

— Stortingsgruppene er ikkje offentleg forvaltning. Vi har teke det standpunktet at stortingsgruppene er privatrettslege subjekt. Då gjeld ikkje retten til innsyn, argumenterer Foss.