Politiske observatørar spådde at Høgre ville få eit løft på meiningsmålingane etter at den heller grå, Jan Petersen, vart erstatta av den meir fargerike Erna Solberg.

Men slik har det ikkje gått. Partiet ligg nå 2-3 prosentpoeng lågare på meiningsmålingane enn då Erna overtok. Og vel seks prosent under valresultatet frå 2001. Frp ligg derimot markert høgare enn Høgre. Då Erna overtok, låg Frp under resultata for Høgre.

«Erna-effekten»

— Kva har skjedd med «Erna-effekten», valforskar Frank Aarebrot?

— Det er ikkje råd å spore nokon positiv effekt. Sjølv om Erna Solberg personleg er pop i målingane, ser ein her ein parallell til det som var tilfellet med Gro Harlem Brundtland i hennar seinare år som statsminister: Ho var dobbelt så populær som partiet utan at det hjelpte partiet fram på målingane.

Aarebrot seier at Høgre slutta å snakke om «Jan-effekt» eller «Erna-effekt» etter bruduljene omkring «Kaci-effekten».

— Slik er det med Høgre på same måte som Ap har slutta å operere med «magiske» grenser for partioppslutninga eller Thorbjørn Jagland sine berømmelege 36,9 prosent framfor stortingsvalet i 1997. «Brent barn, skyr som kjent elden», legg Aarebrot til.

- Friele underminerer Erna

— Høgre slit ikkje med partileiarens popularitet. Derimot slit partiet med at fleire Høgre-ordførarar landet rundt, mellom desse Herman Friele i Bergen, gjer sitt beste for å underminere bodskapen til partileiaren. Eg siktar til forholdet til Frp. Her har Erna Solberg vore klar: ho vil ikkje invitere Frp og Carl I. Hagen inn i varmen. Når ordførarane seier det motsette, og ikkje forstår at på nasjonalplanet er det partileiinga som må styre, så riv det teppet under beina på partileiaren, seier Aarebrot.

— Det gjer at folk som synest Erna er cool, har vanskar med å ta partiet heilt på alvor. Gro Harlem Brundtland opplevde det same: ho gjennomførde knallharde reformar som møtte stor motbør hjå fagrørsla. Ein del borgarlege veljarar synest bra om dette og uttala støtte til Gro. Men å gå så langt som til å røyste på Ap, det ville dei ikkje.

- Trengt opp i eit hjørne

Aarebrot meiner tilsvarande at ein god del Frp-veljarar likar det dei høyrer frå Erna om ei hard line i innvandringspolitikken. Men å røyste på Høgre, det er ei heilt anna sak.

— Mange av Høgre-ordførarane, spesielt Herman Friele, har veldig stor tru på eigen popularitet og at dei ikkje er avhengige av partileiaren eller andre for å bli valt. At Friele ville bli valt utan hjelp frå Erna Solberg eller Jan Petersen er sikkert rett. Men dei gløymer då partiet.

Aarebrot meiner at Erna Solberg på mange måtar er trengt opp i eit hjørne gjennom striden om forholdet til Frp.

— Sjølv har mo markert klart og tydeleg at det er heilt uaktuelt med eit regjeringssamarebid med Frp, medan andre politikarar i partiet presser på for nettopp det, meiner Aarebrot.