Erna Solberg stadfester overprøving av UDI

- Ja, det er rett at UDI meinte at Vanunu innfridde alle vilkår, bortsett frå eitt, nemleg at han ikkje var her i landet då han søkte asyl.

Les også:

Dette seier tidlegare kommunal- og regionalminister, Høgre-leiar Erna Solberg, når BT konfronterer henne med behandlinga av asylsøknaden frå Vanunu.

- Det hadde vore ei utanrikspolitisk sak, retta mot israelske styresmakter om vi hadde henta han ut frå Israel. UDI har ikkje fullmakt eller kompetanse til å fatte slike vedtak eller disposisjonar seier Solberg.

- Retta mot Israel
- Vi drøfta denne saka i regjeringa. Vi kom til at å hente Vanunu ut frå Israel, ville vore ei aktiv handling retta mot Israel. Det ville ha vore feil i forhold til dei utanrikspolitiske prosessane vi var engasjert i i Midt-Austen, seier Solberg.

- Vurderte de om ikkje Noreg hadde eit spesielt ansvar overfor Vanunu i lys av forhistoria ved at Noreg gjennom leveransar av tungtvatn, utstyr og kompetanse sette Israel i stand til å utvikle atomvåpen?

- Nei vi vurderte ikkje om Noreg hadde noko særleg ansvar.

Tidlegare statsminister og Høgre-leiar, Kåre Willoch, meiner det er rein formalisme når Noreg pukkar på at Vanunu ikkje kunne bli innvilga opphald i Noreg frå Israel og at han måtte kome seg til Noreg for å søke asyl.

- Ein varslar
- Vanunu er ein varslar i positiv forstand. Han fortalde verda ei sanning som verda hadde krav på å få kjennskap til: at Israel hadde atomvåpen. Han gjorde slutt på juksemakeriet. Men det stiller også politikarane i eit underleg lys når ein ser dei ulike haldningane dei har til Israels og andre lands atomvåpen, seier Willoch.

- Behandlinga av Vanunu er svært kritikkverdig. Han har ikkje gjort noko som er til skade for nokon. Han har berre fortalt sanninga. Denne saka er også litt pinleg for Noreg sidan Noreg i «Ap-tida» utan at opposisjonen ante noko, utstyrte Israel med tungtvatn og anna utstyr som sette Israel i stand til å produsere atomvåpen..

- Sterkt beklageleg
- Vanunu søkte asyl i Noreg, men fekk avslag?

- Frå norsk side burde svaret ha vore heilt greit: velkomen hit. Han har fått ei form for tilleggsstraff ved at han ikkje kan bevege seg fritt og ikkje får forlate landet. Han veit ingen verdens ting som kan vere til skade for Israel. Det er meir enn 20 år sidan han var i arbeid.

- Vi veit nå at UDI i 2004 meinte at Vanunu oppfylte alle vilkår for å få asyl i Noreg.

- Det er nytt for meg, men det overraskar meg ikkje.

- Men Erna Solberg overprøvde og instruerte UDI om å fatte eit negativt vedtak?

- Det er sterkt beklageleg, sluttar Willoch.

Les også

Siste fra Innenriks

To menn knivstukket i Østfold

To menn i 30-årene ble natt til lørdag knivstukket, den ene av dem alvorlig, i Spydeberg i Østfold.

Spår bondesmell for de rød-grønne

Valgforsker Frank Aarebrot tror striden med bøndene om årets jordbruksoppgjør vil resultere i en skikkelig baksmell for den rødgrønne regjeringen neste år.

Seks pågrepet i doping-razzia

Seks personer ble pågrepet da politiet natt til lørdag gjennomførte razzia mot to utesteder i Trondheim. Flere hundre gjester ble sperret inne mens aksjonen pågikk.

44.000 kan være i streik over pinse

- Vi regner med at dette vil merkes godt, sier lederen av LO stat, Tone Rønoldtangen.

Gutt (13) døde etter badeulykke på klassetur

Be hentet opp av dykkere fra fire meters dyp.

Streiken i staten trappes opp

Tomme celler og avlyste førerprøver blir konsekvensen når LO stat og YS trapper opp streiken.

Relaterte bilder

FOTO: Lien, Kyrre

FOTO: GUY ASSAYAG-FLASH90

Mest lest

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

Siste saker

SØK I SKATTELISTENE (2009)

På forsiden nå

Lederstillinger

Stillinger