Trongen til å sjekke om kaffitraktaren eller komfyren er slått av før du går heimefrå — ikkje éin, men mange gonger.

Lysta til å rope ut unemnelege ting i store forsamlingar, eller plutseleg vrenge bilen over i motsett køyrefelt.

Angsten for bakteriar, for å tråkke oppå streken. Tanken på å hoppe frå altanen, banke i bordet, krysse beina.

Vi kjenner oss litt igjen, alle saman.

Ikkje sant?

Dei aller fleste har slike ubehagelege tankar frå tid til annan. 15-20 prosent av alle nordmenn har betydelege mengder tvangssymptom. Men ikkje dermed sagt at dette er tvangslidingar, eller Obsessive Compulsive Disorder (OCD).

— Det avgjerande er ikkje om du sjekkar komfyren tre gonger før du går ut, men mengde tid som går med til å sjekke om platene er skrudd av, fortel stipendiat ved Institutt for nevromedisin og bevegelse ved NTNU, Bjarne Hansen, til BT.

— Først når folk brukar over ein time kvar morgon, eller så mykje tid at det går utover skule og jobb, blir dette rekna som tvangsliding.

I det skjulte

Fagfolk reknar med at 1,6 prosent av alle nordmenn til ei kvar tid er plaga av tvangslidingar. Altfor få får behandling, og hjelpa kjem svært seint. I snitt går det 17 år frå lidinga er utvikla, til pasienten blir henvist riktig.

Eit nytt, nasjonalt forskingsprosjekt, som startar i januar, har som mål å fange opp og hjelpe fleire. Prosjektet skal vidareutvikle kjende og gode behandlingsmetodar. Hansen er leiar for prosjektet, og meiner at behovet for hjelp er stort.

— Dette er ei av dei aller største gruppene innan psykiske lidingar, men veldig ofte blir pasientane gløymt. Mange skammar seg over dei rare tankane sine og over at dei held på med så mykje rart.

— Kan tvangshandlingar forklarast?

— Nei, men vi veit at dei har ein positiv funksjon. Pasienten utfører visse rituale for å føle seg trygg, men det kan bli for mykje av det gode. Som når du må skifte til ny tannkost kvar gong du pusser tennene, eller vaske hendene hundre gonger.

— Kan tvangslidingar kurerast?

— Ja, hos mange kan dei det. Men det er lite kunnskap om behandlingsmetodar blant legar, psykologar og psykiatarar, sjølv om metodane har vore kjende sidan 60-talet, seier Hansen.

Barnebarna i dusjen

Forskingsprosjektet er ei såkalla multisenterstudie, der seks sjukehus deltek. På Vestlandet er Sentralsjukehuset i Førde (FSS) og Nordfjord psykiatrisenter med.

I over ti år har FSS behandla vestlendingar for tvangslidingar med ERP-metoden (Eksponering med responsprevensjon). Behandlinga inneber at pasienten utset seg for det ho fryktar mest, utan å ty til tvangshandlingar.

Forskarane skal no byggje ut behandlinga med kognitiv terapi, for å teste om effekten blir endå betre.

— Det er langt fleire der ute som slit, men blir gåande aleine, skamfulle, fordi dei trur at dei er aleine om å ha det slik, seier spesialkonsulent Thorbjørn Olsen ved Psykiatrisk klinikk i Førde.

— Men vi kan tilby metodar som vi veit verkar, og garantert hjelpe langt fleire.

— Kva er det mest ekstreme tilfellet du har vore ute for?

— At barnebarna måtte skifte klede og dusje, før bestemor sleppte dei inn i huset. Det seier noko om kor ille det kan bli, meiner Olsen.