HENNING A. HELLEBUST

«Biff», står det på biffen i kjøtdiskane i Norge. I tillegg står det gjerne Gilde eller Spis. 1. april skal det i tillegg stå «norsk». Om kjøtstykket er utanlandsk, skal det stå «utanlandsk», og gjerne namnet på landet, om ein kan vere sikker på kva land det kjem frå. Men der stoppar merkinga. Det er difor umogeleg å vite om kjøtet kjem frå gamle utmjølka Dagros, eller frå ein angusokse eller anna kjøtfe. Kva stad i landet dyret har beita, kven bonden er, namnet på slakteriet, eller andre ting som påverkar kvaliteten, får du heller ikkje vite.

Held ikkje mål «Norsk kjøtt holder ikke mål kvalitetsmessig-» Det sa verdsmeister i kokkekunst, førdianaren Terje Ness, til VG i går. Ein av grunnane er at kjøtet ikkje får møyrne skikkeleg, ein anna er at ei gamal mjølkeku ikkje kan skryte av saftig indrefilet. Uansett er det umogeleg for dei kjøtsvoltne å plukke ut det kjøttfeet som faktisk finst.

I EU skal det frå neste nyår opplysast på kjøtet kva gard det kjem frå, og kvar det er slakta og oppdelt. Dei norske daglegvarekjedene meiner slikt er bra for forbrukarane.

Posivite, men- Men gjere noko med det, til dømes sette krav til sine leverandørar? Nei, det er for komplisert og dyrt. Dessutan meiner kjedene at det er produsentane sitt ansvar.

— Det skal ikkje utelukkast at det vil kome merking utover krava, men vi får ikkje gjort det raskare enn leverandørane klarer å følgje opp. Vi skal vurdere å gå lenger enn krava, men først må vi forsøke å innfri dei som kjem 1. april, seier informasjonsdirektør Per Roskifte i Norgesgruppen.

Heller ikkje Hakon Gruppen, med Rimi og ICA i spissen, ønskjer å gje kundane informasjon om kva kjøt dei faktisk kjøper.

— Vi er positive til det som skjer i EU, men vil ikkje gå utover regelverket i Norge. Vår organisasjon, Handels og Servicenæringens Hovedorganisasjon (HSH) jobbar for at det skal bli mest mogeleg informasjon om varene. Det følgjer vi med på, seier informasjonsdirektør Bjørn Richard Johansen i Hakon Gruppen.

HSH seier til Bergens Tidende at dei er positive til mest mogeleg merking. Men gjere noko?

— Vi har ikkje diskutert om det skal merkast utover krava, men saka skal opp hos oss til våren. Det vil vere naturleg at vi får same regelverk som EU etter kvart, seier informasjonssjef Jarle Hammerstad i HSH.

Som EU på sikt Coop Norge trur at norske produsentar vil verte tvinga til å merke varene på linje med EU, etter kvart som norske forbrukarar finn varer med detaljinformasjon frå Europa. Men gjere noko, til dømes krevje merking frå leverandørane sine?

— Vi kan ikkje påleggje nokon og gå ut over norsk lov. Vi har ein bra dialog med Norsk Kjøtt, men slik merking er vanskeleg utan nasjonale reglar, seier informasjonsdirektør Bjørn V. Kløvstad i Coop Norge.

Les også: Okse er som oftast ku