Det omfattar perioden frå 2000 til 2002 då han var sjef for Sjøkrigsskolen i Bergen og perioden 2002-2005 då han var sjef for Sjøforsvarets skoler i Bergen. Det er ikkje berre snakk om ein gjennomgang av reiserekningar.

Det opplyser senior pressetalsmann Dag R. Aamoth i Forsvarsstaben til Bergens Tidende.

– Alt blir gjennomgått

Det inneber at det er eit veldig stort materiale som blir gjennomgått. Difor er det ifylgje Aamoth uråd å seie noko om når granskinga kan vere avslutta.

– Det er snarare tale om månader enn veker, før vi kan setje punktum, seier Aamoth.

– Alt blir gjennomgått, seier han.

Golfturar til Spania

I går kom hittil ukjende forhold for dagen då avisa VG kunne fortelje at Karlsvik har fått dekt to private golfturar til Spania på Forsvarets rekning.

For den første turen fekk han utbetalt 16.994 kroner. For den andre turen fekk han refundert 16.308 kroner. Beløpa omfattar reise, diett og nattillegg.

Den første turen gjekk i månadsskiftet februar-mars 2003 til Alicante i Spania. Her har Karlsvik oppgjeve «Ledersamling GIS» (GIS står for generalinspektøren for Sjøforsvaret).

– Heilt privat

Problemet for Karslvik er at både den dåverande GIS, admiral Kjell-Birger Olsen, og Forsvarsstaben kategorisk avviser at det har vore ei slik leiarsamling.

– Dette var ein heilt privat golftur for ein gamal venegjeng, seier Olsen til Bergens Tidende.

På denne turen har Karlsvik også oppgjeve og fått dekt «representasjonsmiddag for GIS og representanter for den spanske marinen og Siemens».

– Eg kan ikkje hugse nokon slik middag. Dette har eg ingen kjennskap til, seier Olsen til Bergens Tidende.

I mars 2004 var Karlsvik på ny i Alicante på Forsvaret si rekning. Han budde på det same hotellet som året før, Hotel Sidi San Juan i Alicante, og oppgav «ledersamling, møte med spanske myndigheter» og «KNM Tordenskjold» som avdelingsnamn.

Pressetalsmann Dag Aamoth opplyser til Bergens Tidende at også denne leiarsamlinga er ukjend for forsvarsleiinga. Han opplyser vidare at ingen andre enn Karlsvik, så vidt Forsvarsstaben nå kjenner til, har levert og fått dekt reiseutgifter for nokon av desse turane.

Årlege golfturar

Olsen opplyser at det gjennom fleire år har vore ein årleg golftur, gjerne til Spania. Han vil ikkje fortelje kven som har vore med, men stadfester at det har vore gamle vener og kollegaer, både i og utanfor Sjøforsvaret. Det kan vere snakk om inntil 10 personar.

– Eg har prøvd å vere med ein gong i året. Poenget med turane har vore å spele golf, seier Olsen.

Ein annan deltakar på dei årlege golfturane har vore Kjell Arne Bratli. Han er i dag rådgjevar for presidentskapen på Stortinget.

Han opplyser til BT at desse golfturane har gått årleg sidan tidleg på 1990-talet. Kvar og ein av deltakarane har sjølv betalt for reise og opphald ettersom det har vore reint private arrangement, seier Bratli. I tillegg til utanlandsturane har det vore golfturar i Noreg.

Bergens Tidende lykkast i går ikkje i å få kontakt med Karlsvik eller advokaten hans, Dag Steinfeld.