Toppdekket til den nye vassinjeksjonsplattforma måtte i august i fjor gjera vendereis til Stord fordi pælane til stålunderstellet overraskande nok ikkje let seg slå ned i havbotnen. Dekket har lege ved Aker Stord heilt til det i slutten av juli i år lukkast å få plattforma festa.

Tekniske og geologiske ekspertar måtte arbeida på spreng for å finna ei fullgod festeordning for BP-installasjonen, som skal skvisa det 20 år gamle feltet sør i Nordsjøen for ekstra olje og gass verd 28 milliardar kroner.

Løysinga var å slå to ekstra stålpælar ned i havbotnen, som supplement til dei tre opphavlege pælane som kom på plass som planlagt, og dei fem pælane som aldri nådde djupt nok ned.

— Forunderleg

— Det heile er litt forunderleg. To ekspertpanel har gått gjennom prosjektet utan å finna ei eksakt årsak til at pælane ikkje kom skikkeleg nedi, seier informasjonssjef Jan Erik Geirmo i BP Norge til Bergens Tidende.

Fjorårets pæleproblem er oppsiktsvekkjande både fordi det på førehand blei utført grundige undersøkingar av havgrunnen, og fordi det i det same, konsentrerte området på Valhall-feltet frå før står fire installasjonar festa til botnen på same måte. I alt 64 pælar er før slegne nedi laget av leire, sand og skifer - utan problem.

Men då i fjor åtte nye pælar på 200 tonn kvar skulle gi feste for vassinjeksjonsplattforma sin jacket, butta det imot for BP og hovudkontraktør Aker Kværner. Alle pælane skulle 67 - 72 meter nedi botnen, men fem av dei kom ikkje lengre enn 45 – 55 meter.

— Det kan vera fleire medverkande forhold, både i pælekonstruksjonen og i grunnen. Difor er det heller ikkje klart kven som er ansvarleg for kva, seier Geirmo. Prosjektet er dekt av ein byggerisikopolise, men det vil ta lang tid å avklara den økonomiske ansvarsfordelinga.

Godkjent av OD

Den nye festeordninga er godkjent av Oljedirektoratet. Plattforma skal stå trygt og stødig trass i at fem problempælar får kappa av overskytande lengder som ikkje kom nedi botnen.

I løysinga som ekspertane har pønska ut står to «piggybacks» eller «ryggsekker» sentralt.

Kvar av dei to 400 tonns «piggyback»'ane blir hekta inni holrommet på eit plattformbein, og gir gjennom ei hylse på utsida plass til nedslåinga av ein ekstra pæle.

Utsetjinga har ført til at vassinjeksjonen i startfasen vil skje via den eksisterande brønnhovudplattforma og ikkje gjennom den nye plattforma. Dette for å koma snøggare i gong med vasstrykket mot petroleumsreservane.

Vassinjeksjonsystemet er klart i oktober, boresystema i november. Første olje kjem på dekk i løpet av første kvartal neste år.

TUNGT LØFT: Eitt år forseinka kunne kranskipet «Saipem 7000» nyleg løfta det 10.000 tonn tunge Valhall-dekket frå Aker Stord på stålunderstellet som endeleg let seg festa til havbotnen.<p/> FOTO: BP NORGE