— Dette hadde ikkje vore noko eg kunne teke i gang med utan familien i ryggen, seier 76-åringen og ser utover hustomta på Storebø i Austevoll. Der skal Asgeir om eit halvt års tid flytte i eigen bustad.

Tunge år i kommunal kø er over. Vesleguten, den yngste av sju søsken, skal flytte heimefrå han óg, 34 år gamal.

— Det har vore gode år med Asgeir, men det skal bli godt å sleppe ansvaret døgnet rundt, seier ho.

Parabol og musikk

Det har så smått gått opp for Asgeir at han skal flytte for seg sjølv.

— Vi har sagt til han at alle dei seks syskena hans har hus. Det er på tide han får sitt eige, seier Arild Sivertsen, bror til Asgeir og støttespelar i husprosjektet.

Asgeir nikkar ivrig.

— Eg skal få parabol, forkynner han. - Og musikk!

Asgeir er glad i musikk, westernfilmar og listeskriving. Han les Se og Hør med stor iver. - Men han synest det er blitt dyrt og kjøper gjerne Her og Nå i staden, fortel mora og ler.

Då Aslaug Sivertsen innsåg at det kunne bli lenge å vente på ei kommunal løysing, sette familien seg ned og såg på alternativet: Å byggje sjølv.

Asgeir har berre uføretrygda å leve av, men finansierer nybygget med Husbanklån, tilskot og bustøtte.

— I sum vert ikkje dette dyrare enn om han skulle betalt husleige i ein kommunal omsorgsbustad, seier Arild Sivertsen.

Tomt vart kjøpt. Ein flat parsell berre eit steinkast unna den kommunale fellesbustaden, der Asgeir i årevis har venta på plass.

Tilknytt fellesbustaden er det døgnkontinuerleg vakthald. Asgeir treng tilsyn døgnet rundt, sjølv om han får eige kjøken, stove og to soverom.

Kommunen yter naudsynt hjelp. Det er den pliktig til, uavhengig av om Asgeir bur bak eigen eller kommunal dør.

Nybygget ligg dessutan ein kort spasertur frå skulen og arbeidssamvirket, der Asgeir er handkle-sjef på vaskeriet.

Leigar ut

Familien Sivertsen byggjer like godt to bustader når dei først er i gong. Den andre skal kommunen få tilbod om å leige - forhåpentleg til ein annan psykisk utviklingshemma.

Dei to små bustadene får begge livsløpsstandard. Asgeir slit med ein øydelagt hofte. Ingen veit kor lenge han vil halde seg på beina. Og her skal han bu i all framtid.

— Hjelpemiddelsentralen kom eins ærend til Austevoll for å gje råd om praktiske detaljar i utforminga av huset. Også i kommunen har vi fått god støtte dei siste åra, seier Aslaug.

Erfaringane med kommunen er elles blanda. For to år sidan vart dagsenteret for sju-åtte brukarar stengt, og familien mista avlastingsbustaden.

- Gjer det rette

Strevet for Asgeir starta tidleg. Då guten var fem år gamal var Aslaug med å etablere foreldrelag for dei med utviklingshemma born. Der var ho aktiv inntil i fjor. Mannen hennar melde seg inn i KrF og sat fleire periodar i kommunestyret. - Drivkrafta hans var arbeidet for dei svakaste, fortel Aslaug.

Mannen gjekk bort for seks år sidan. Då Aslaug var åleine med Asgeir vaks trongen for skikkeleg avlastning.

No kjenner Aslaug på seg at dei tunge åra er tilbakelagde.

— Eg trur sterkt på at vi gjer det rette.

— Blir det vedmodig å sjå Asgeir flytte?

— Det blir ein overgang, men det blir kjekt. Han skal få kome heim når han vil. Så håpar eg at han vil tilbake i eigen heim igjen til kvelden, seier Aslaug og ser kjærleg bort på den vaksne minsteguten sin.

HELGE HANSEN (foto)