— Eg har hatt det veldig bra her i landet på alle måtar. Eigentleg har det ikkje vore noko problem, verken jobbmessig eller privat, seier han.

Vi møter Mamoun i ei ledig stund som vakthavande anestesilege på Førde sentralsjukehus. Her er han ein av 20 utanlandske legar. I alt er det 105 fast tilsette legar ved sjukehuset.

På 90-talet utdanna Mamoun seg til lege i Tyskland. Her vart han henta til kommunelegestilling i Loppa kommune i Finnmark. Før han tok til i jobben i år 2000, gjekk han gjennom eit norskkurs på 12 veker. I tillegg fekk han noko opplæring i norske samfunnsforhold og trygdesystem.

— Einaste problemet var at eg i starten var litt fagleg usikker. Legeutdanninga i Tyskland var mykje retta mot kirurgi, men som allmennpraktiserande må du ta alt frå barnesjukdomar til psykiatri. Kommunen løyste det ved å sende meg på hospitering til ulike sjukehus første tida. Det var eit godt opplegg. Eg trur eg var heldig som kom til Loppa, folk der er veldig greie.

Likevel, etter seks år valde han å slutte, og dra til Førde for å spesialisere seg i anestesi og intensiv indremedisin. For sjølv om både han og familien har funne seg godt til rette, har målet vore å reise tilbake til Afrika ein dag.

— I Sudan er det stor mangel på legar, og mankoen er aller størst innan allmennmedisin og anestesi. Men den spesialistutdanninga eg får her i Førde, vil eg vere garantert jobb.

HEIM ETTER TI ÅR: Elzubair Mamoun har likt seg godt i Norge. Likevel set han om eit par år kursen for Sudan, for å yte sitt i eit heimland der legemangelen er skrikande.