Vêret endrar seg over nesten heile kloden.

El Niño — den vesle guten - dukkar med ujamne mellomrom opp ved juletider. Vind og havstraumar i Stillehavet snur (sjå grafikk) og kaldt næringsrikt vatn frå store djup blir ikkje lenger pressa opp langs kysten av Sør-Amerika. Dermed forsvinn også fisken. Under ein ekstra sterk El Niño vert sjøen oppvarma heilt sør til lakseoppdrettdistriktet i Puerto Montt (sjå kart).

FNs klimapanel reknar det som sannsynleg at klimaendringane vil endre syklusen til El Niño-fenomenet. Ei endring kan få store konsekvensar.

Under ein kraftig El Niño høljar det ned i nedbørsfattige Peru og Nord-Chile. Sør-aust i Afrika blir det tørrare og varmare, på Newfoundland blir det varmare.

På Bali, der FN møtes til klimakonferanse, blir det tørrare og varmare. El Niño aukar faren for skogbrannar.

24.000 omkom

Sist vi hadde ein kraftig El Niño var i 1997/1998. Då blei det rekna med at 24.000 menneske omkom på grunn av uver, skadeflaum og jordras. El Niño oppsto også i 2002/2003 og i 2006/2007, men langt svakare enn i 1997/1998.

Meir sjukdom følgjer også i kjølvatnet av slike naturkatastrofar.

Ei forskargruppe ved Universitetet i Oslo har reka ut at El Niño kan svekkje matproduksjon i Afrika tilsvarande matforsyningane som trengst til 20 millionar menneske, ifølgje nettavisa Unifob.

Norsk gevinst

I Noreg - som i Chile sine oppdrettsområde i sør - er konsekvensane av El Niño først og fremst økonomisk. Norske fiskarar i Noreg tener på fenomenet, oppdrettsnæringa taper.

Austevoll Seafood driv fiske og fiskemjøl-/fiskeoljefabrikkar i både Chile og Peru. I Chile er basen byen Concepcíon.

Fisken anchovetas her er den største fiskeråstoffkjelda til oppdrettsnæringa sine fôrfabrikkar.

Når dette fisket sviktar går også prisen opp på alternative fiskeslag, som kolmule i Nord-Atlanteren.

Dyrare fisk gir dyrare fiskemjøl og -olje, og dermed dyrare fôr for lakseoppdrettarane.

Usikre forskarar

Forskarane er usikre på korleis eventuelle klimaendringar vil påverke kor ofte El Niño vil oppstå, og om fenomenet vil bli styrkt eller svekt.

Ulike datamodellar gir ulike svar, skriv professor Jin-Yi Yu ved University of California i ein e-post. Han er ein av dei fremste forskarane på El Niño.

Den mest vanlege oppfatninga er at El Niño vil oppstå som før, også om klimaet blir varmare.

Men det finnes datamodellar som gir eit meir skremmande resultat, ifølgje Jin-Yi Yu.

Dei modellane konkluderer med at luftsirkulasjonsystemet i tropane, med passatvindar som bles langs ekvator, rett og slett vil bryte saman. I så fall vill El Niño bli det vanlege fenomenet. Det rike fisket utanfor Sør-Amerika vil vere ein saga blott, og i flaumar i Peru kan bli norma i staden for unntaket.

Kan svekkje El Niño

Svein Sundby ved Havforskingsinstituttet er ekspert på havstraumar. Han peikar på en annan mogleg teori, at global oppvarming kan svekkje El Niño-fenomenet.

Grunnen er at monsunaktiviteten i det indiske hav vil auke, som kan gi meir nedbør og auka fordamping i det vestlege Stillehavet. I si tur vil det styrke passatvindane som held El Niño i sjakk.

Men i år blir det ingen El Niño. Tvert i mot. Forskarane har funne teikn på det motsette, og dei vanleg vind- og straumretninga blir styrkt. Dette blir kalla La Niña (Jentebarnet), og gi betre tilhøve for fiskarane vest for Peru og Chile.

Vinnar

Spådomane i FNs klimarapport tyder på at Sør-Chile kan eit av dei områda i verda som blir minst råka av eventuelle klimaendringar, så sant El Niño-fenomenet ikkje endrar seg.

I den aller sørlegaste og tynt folka tolvte regionen - kan havnivået kan stige - så mykje at det blir eit problem for mangroveskogar og korallrev.

Lenger nord - i dei midtre delane av Chile kan det bli tørke og reduserte kraftproduksjon i vasskraftverka.

Den chilenske vinproduksjonen lenger nord til dømes vil bli meir utsett for tørke om temperaturen stig, og må flytte sørover.

Det er grønt og frodig i Puerto Montt-området, beitemarker strekkje seg milevis i det bakkete landskapet rundt byen, med snøkledde vulkanar og Andesfjella i det fjerne.

Nedbør er ikkje mangelvare her. FN sin klimarapport spår heller ikkje tørke, sjølv om det er sannsynleg at det blir mindre nedbør heilt sør til Puerto Montt.

Dei ti siste åra viser statistikken at nedbøren har minka. Det gjer at mindre ferskvatn renn ut frå elvane, slik at sjøen blir saltare.

Saltare sjøvatn er mellom anna ei perfekt utvikling for den kostbare parasitten lakselus, som trivest betre i salt vatn.