På utsida ser dei ut som eit ganske normalt ektepar, Lise og Ole Johnny Vincent i Drammen. Men det er utanpå.

Ei bombe

44-årige Ole Johnny er veteran blant norske hiv-positive. Til sommaren kan han sjå tilbake på 20 år med sjukdommen, han fekk blodsmitten under ein ryggoperasjon i 1982. Han har eit homofilt sambuarforhold bak seg, var svært sjuk og lenge sikker i trua på at døden berre var få dagar unna.

Dette er mannen hiv-negative Lise vart kjent med i 1996, og som ho etter kort tid gifta seg med.

Går slikt an?

— Det var jo ei bombe, og både familien og nære vener trudde eg hadde klikka, fortel 37-årige Lise Vincent. ý Det var ei tid då eg knapt rakk anna enn å forsvare valet mitt mot kommentarar som «herregud, du må iallfall tenke på kva du gjer mot barnet ditt» og liknande.

Både Lise og Ole Johnny har halvvaksne barn, frå tidlegare forhold. Ekteskapet vart eit vendepunkt for Lise.

— Eg oppdaga ofte at dei eg hadde rekna med som støttespelarar, ikkje var der. Og at folk eg ikkje hadde rekna med stilte opp for meg. Det var i grunnen ei god sortering i livet. Eg har lært å stole på meg sjølv, seier ho, og ser på ektemannen.

Innhenta av framtida

I tida rundt 1996, då paret vart kjende med kvarandre, kom også dei første medisinane som kunne stagge utviklinga av aids. Paret har vore gjennom ein lang prosess. Han måtte på nytt lære seg å leve med eit framtidsperspektiv, ho måtte arbeide med sitt eige val. Både overfor seg sjølv og omverda.

— Då vi trefte kvarandre, var han hiv-positiv homse. Ikkje akkurat idealutgangspunktet, og det tok ei stund før vi innsåg at det måtte bli oss to. Men når vi først hadde erkjent det, så var vi raske til å gifte oss. For vi har slett inga tid å miste!

I lange tider hadde Ole Johnny innstilt seg på at livet snart var slutt. Blant anna selt unna eigedeler, sagt opp lønskontoen.

— Eg tok alt ut i kontantar, som eg brukte opp etter kvart, fortel han.

— I dag tar eg ein såkalla hiv-cocktail, og klarer meg brukbart. Men det er tøft, biverknadene er harde. Det er ei side som folk ikkje ser.

Etter så lang tid utan framtidsperspektiv har Ole Johnny på nytt måtte lære seg å sjå framover.

— Eg er på ein måte innhenta av framtida, smiler han matt. Blir lett sliten. Tar lang tid å bli kvitt ei normal snue.

Men paret kjempar for at folk ikkje skal sky hiv-smitta, og at dei må sjå forbi fordommane. ýDet er ikkje spesielle risikogrupper. Den gruppa smitta som aukar mest no, er kvinner i 40-50 åra, seier Lise, stadig vekk hiv-negativ. ý Tenk på det. Alle veit korleis å unngå å bli smitta. Det handlar om å ta ansvar, for seg sjølv og andre.

LES MER OM AIDS- OG HIV-SYKDOMMEN I ET EGET BILAG I FREDAGENS UTGAVE AV BERGENS TIDENDE.

POSITIV OG NEGATIV: Ole Johnny og Lise har funne ein måte å leve saman på, trass i sjukdommen. Og sjølv om omverda ofte kan gjere det ekstra vanskeleg, har dei behalde eit sosialt nettverk.
FOTO: ROAR CHRISTIANSEN