MARIE HAUGE

Stevninga vart sendt i vår medan Meyer framleis sat i statsrådsstolen. Regjeringsadvokaten har påklaga stevninga. No er det opp til tingretten å avgjera om Meyer må ta turen til Bergen for å vitna.

LO-advokat Eyvind Mossige kallar saka betent, og held fast på at Meyer må møta i vitneboksen.

— Bør svare

— Då han var statsråd, presiserte Meyer at staten skal gå føre som ein inkluderande arbeidsgjevar. Vi meiner han bør svara for det når staten seier opp ein funksjonshemma person, seier Mossige til Bergens Tidende.

Saka til Bente Larsen er førebels sett til midten av november, men kan fort verta utsett om usemja om vitnelista dreg ut. Mossige ventar i spenning på kva retten seier om vitnetvisten. Han kjem til å påklaga ei eventuell avgjerd som medfører at Meyer slepp å vitna. Det kan føra til at saka vert skove fram i tid.

— Min klient står likevel i stillinga heilt fram til denne saka er avgjort, seier Mossige.

Har ingenting å tilføra

Morten Meyer seier til Bergens Tidende at han ikkje kjenner saka, og at han såleis ikkje har noko å tilføra som vitne. Han viser vidare til ekspedisjonssjef Finn Melbø i Moderniseringsdepartementet.

Melbø seier at departementet avviser stevninga av di Meyer ikkje har hatt direkte arbeidsgjevaransvar for saksøkjar.

— Men er ikkje dette ei prinsipiell sak med tanke på den merksemda det har vore på inkluderande arbeidsliv?

— Det vert i så fall eit politisk spørsmål. Vi har vurdert stevninga i høve til kva lovverket seier om arbeidsgjevaransvar, seier Melbø, som presiserer at det til sjuande og sist er domstolen som avgjer om Meyer må vitna eller ikkje.