Nistad meiner ho ikkje har fått formelt korrekt beskjed om kvar bossdunkane skal stå. Difor set ho dunkane i si eiga avkøyrsle, i staden for på samleplassen som dei andre innbyggjarane i bustadfeltet i Sogndal nyttar. Avstanden frå huset til samleplassen er 35 meter.

Striden har no toppa seg med at den tidlegare stortingsrepresentanten har klaga både til styret i renovasjonsselskapet Simas og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Styret i Simas skal ta saka opp seinare i sommar, men nektar å tømme dunkane frå neste veke. Fylkesmannen meiner derimot han ikkje har noko med busstriden å gjere.

Flytta dunkane

Like til i vår tømde Simas avfallsspanna i oppkøyrsla til Nistads bustadhus i Kongabergvegen. Men i mai braut renovasjonsselskapet denne praksisen. Nistads avfallsspann blei tømde, men sjåføren plasserte to gonger dunkane på samleplassen etter tømming. Første gongen fann ikkje Nistad att dunken sin. Andre gongen blei ho varsla med brev på spannet om at ho for ettertid måtte trille dunkane til samleplassen. Elles kom det til å bli slutt på tømminga.

Beskjeden har fått Nistad til å sjå raudt. I eit ope brev, som har stått på trykk i Sogn Avis, har ho gjort det klart at ho og naboen har sett dunkane på fast plass sidan 1989, og at ho kjem til å halde fram med dette. — Eg godtek ikkje å få varsel gjennom ein tilfeldig sjåfør på bilen som hentar avfallet. Eg tillet meg difor å setje ut avfallsdunken på den plassen eg har nytta til no. Eg ventar av avfallsdunken står der også etter tømming, har ekspolitikaren gjort klart.

Frustrasjon

Avfallsstriden har skapt like stor frustrasjon og irritasjon i Simas som hos Nistad. I eit svarbrev har direktør i Simas, Jan-Inge Hage, gjort det klart at mange abonnentar har trilla dunkane sine 300 meter og meir til i mange år utan å klage.

— Det er difor med undring vi registrerer at du klagar over å måtte trille dunkane dine i underkant av 40 meter, skriv Hage.

Simas-sjefen viser til at Nistad, til liks med dei andre naboane i byggjefeltet, fekk melding om oppsamlingsplassen alt i 1997. Dette blei gjort for å lette arbeidet med innsamling av avfall og halde kostnadene nede.

ý Simas prøver å handsame alle abonnentane så likt råd er. Difor kan vi heller ikkje gjere skilnad på vanlege abonnentar og ein tidlegare stortingsrepresentant, har Hage understreka i svarbrevet.

Nistad på si side seier ho aldri har motteke melding om ny plassering.

Steile frontar

Og der står striden. Nistad meiner Simas utan forvarsel har tatt vekk ein samleplass ho, saman med naboen, har nytta i alle år. - Eg tillet meg å setje dunkane mine der eg alltid har sett dei, og der sjåførane på bilane alltid har stoppa, er den klare meldinga frå Kongabergvegen.

Simas-direktør Hage har svart med å gjere eit administrativt vedtak der Astrid Marie Nistad blir pålagt å nytte felles hentestad/samleplass for tømming av avfallsdunkar.

— Til klagen har vore oppe i styret gjeld dette vedtaket. Når det over helga er busshenting i Sogndal, kjem vi ikkje til å tømme Nistads dunkar, dersom ho ikkje set dei på samleplassen, seier Hage.

Bergens Tidende fekk ikkje kontakt med Astrid Marie Nistad i går.

STEILE FRONTAR: Astrid Nistad gir seg ikkje i busstriden. Det gjer ikkje dei som hentar bosset heller. Dermed vert bosspanna ståande.
ARKIVFOTO: PER MARIFJÆREN